Lillruben tilbake i løp

Lillruben har ikkje vore ute i monté sidan eg rei han 1. desember i fjor. No har han hatt løpspause sidan 25. februar. Han gjekk nokre dårlege løp før han fekk pause, men ifølgje eigaren skal han vera frisk og pigg att. Denne gongen er det sprint. Han har berre gått montésprint ein gong tidlegare, då vart løpsopplegget feil og han enda på 6. plass på 1.16,6. Dersom han er i slag trur eg at han kan gå fortare. Sidan han har hatt to månaders pause og eg ikkje har ridd han sidan i desember, er han vanskeleg å vurdera denne gongen. Om han er tilbake i slag synest eg at motstanden er overkommeleg og han skal kunna kjempa om ein trippelplassering.

Dette blir det fyrste løpet mitt i år som eg ikkje rir på Forus, så det skal verta godt å koma tilbake å få ri i Bergen igjen. Dette er Norsk Travamatør Forening (NTAF) sitt kvalifiseringsløp. Finalen går på Jarlsberg 19. mai, og dei to beste rytterane i løpet som er medlemmer har startplikt i finalen.

Motstanden:
1. Company Ås: Er ein jamn og flink montéhest. Han er rask frå start og står fint til i fyrstespor. Har gått 1.16,6 på montésprint. Hestane frå Gaute Lura plar vera sette opp til løpa, så eg trur han kjempar om sigeren her.
2. Overlover: Har berre gått eitt montéløp, der galopperte han frå start og brøyt løpet. Han gjekk eit flott prøveløp på 1.18,6 og har nok mykje å gå på. Elsie tek turen frå Østlandet for å ri, og sist ho kom til Bergen for å ri NTAF-kval vann ho enkelt med sin eigen hest. Eg trur dei kan kjempa om sigeren.
3. Sandy B. Cole: Gjekk heilt greit til 5. plass i sin montédebut. Står hardt inne grunnlagsmessig, og må nok vera forbetra for å hevda seg i toppen her. Premiekandidat.
5. Britney Spur: Montédebutant som gjekk prøveløp på 1.22,2. Ho er litt variabel i prestasjonane i travløp, men kanskje ho likar monté. Kristine har ein ekstrem rytterform og vinn med alt ho tek i om dagen, så denne er nok lur for spelarane å ha med på rytteren.
6. Eck Legendary K.: Nok ein montédebutant. Gjekk prøveløp på 1.22,6. Eg er veldig usikker på kva denne hesten kan, men fyrste gong under sal vil eg tru at premie er målet sidan han står litt hardt inne grunnlagsmessig.
7. Southwind Vertical: Gjekk prøveløp på 1.24,7 med galopp og brøyt løpet etter galopp i debuten, så hesten er vanskeleg å vurdera. Har kanskje fordel av både distansen og bilstart, men er vel i fyrste omgang ein premiekandidat.
8. Feel The Heat: Gjekk 1.15,9 på sprint, autostart i november i fjor. Leverte eit fint løp sist under sal og har nok fordel av at det er sprint. Om ho går fram med løpet sist skal ho reknast med trippelsjanse.
9. Nordstjernen D.K.: Har gjort det meste rett i monté. Var ikkje like god sist, men vann dei to montéløpa han starta før det. Står langt ute på vingen, men det spelar ikkje så stor rolle i monté. Har gått 1.16,6 på sprint under sal og skal reknast med sigersjanse.
10. Aramis T.K.: Er lynrask frå start, men står ytterst på vingen og får nok kamp frå dei på innsida. Skulle ha starta på Leangen i dag (måndag), men var strøket. Har gått 1.16,8 på sprint tidlegare, men leverer veldig varierande innsatsar i monté. Er nok ein premiekandidat her.


Løp: 3  Montéløp   (ca. kl. 18:20)
Montéløp
Varmblods. 4-12-årige høyest 375.000 kr.
1600 m. Autostart. Maks 10 startende.
Premier: 12.000-6.000-4.000-3.000-2.000-(2.000) kr.
Varmblods      Auto V5-2     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
1600 1 Company Ås Caroline L.B. Morken 342.240 1.15,5v 1.13,5a
1600 2 Overlover Elsie Hafskjold 225.769 1.16,8v 1.14,2a
1600 3 Sandy B. Cole Stine-Beate Hjartholm 83.239 1.17,2v 1.16,5a
1600 4 Lillruben Charlotte Steine 365.441 1.17,2v 1.14,3a
1600 5 Britney Spur Kristine Kvasnes 219.500 1.17,3v 1.15,3a
1600 6 Eck Legendary K. Christine Pedersen 157.000 1.16,1v 1.15,6a
1600 7 Southwind Vertical Christiane J. Kristiansen 312.500 1.16,9v 1.14,1a
1600 8 Feel The Heat Lene Rotneim 275.256 1.16,2v 1.14,0a
1600 9 Nordstjernen D.K. Victoria Steine 217.203 1.18,2v 1.15,4a
1600 10 Aramis T.K. Jeanett K. Flatøy 212.250 1.15,8v 1.15,1a


Biletet er frå ei varming på Forus. Foto: Rune Eikeland.

Kommentarer

Populære innlegg