Oppsummering av året 2011

I år har eg ridd mykje fleire løp enn noko gong tidlegare. Eg har i tillegg køyrt fleire løp enn før. Det har vore veldig opp og ned resultatmessig. Dette året har eg vore ute i totalt 46 løp, av dei var 36 montèløp.

Januar: Eg starta året med eit gjesteoppsitt på C.C. Lina, som eg fekk ri for Kari Anne Knutsen. Det gjekk betre enn forventa og resulterte i 2. plass på 18,9 over mellomdistanse. Så prøvde eg meg på galopphesten Rigelstein på Sørlandet, noko som ikkje var enkelt. Dermed vart det uplassert. Eg fekk så sjansen til å ri Ronald Star. Han skjønte ikkje heilt kva det gjekk i, og enda uplassert. I januar rei eg inn 10.000 kroner.
C.C. Lina, foto Linda Bø. Rigelstein, foto: Kristin Stokkedal.

Februar: Månaden etter rei eg to løp. Fyrst Rigelstein som galopperte seg bort. C.C. Lina var den andre hesten eg rei, på Sørlandets travpark. Resultatet vart ein fjerdeplass og 3.000 kroner innridd denne månaden.
C.C. Lina, foto: Linda Bø.

Mars: Det var C.C. Lina eg rei fyrste løpet mitt på i mars månad og. Ho gjekk eit sterkt løp og fekk 2. plass med 8.000 i premie. Etterpå prøvde eg meg på ryggen til Rigel Elden. Det gjekk greit og me fekk 5. plass og 2.500 kroner. Etter det godkjente eg min fyrste hest for året; Delphis Lantern. Han gjekk 1.21,5 enkelt frå tet i prøveløpet, og eg trudde han skulle kunna tjena fine pengar i montè etter prøveløpet. Eg fekk gjesteoppsitt på Augne Troll i eit løp i Bergen 26. mars. Det gjekk bra og han fekk 3. plass og 4.000 kroner. Siste dagen i mars var det dags for montèdebuten til Delphis Lantern. Han galopperte og tulla litt, og overbeviste ikkje heilt. Resultatet vart 5. plass og 2.500 kroner. Dermed rei eg inn 17.000 kroner i mars.
 Augne Troll, foto: Eirik Blindheim. Rigel Elden, foto: Arnfinn Roaldsøy

April: Augne Troll fekk eg oppsitt på i april òg, men han var ikkje like imponerande då og vart diskvalifisert for galopp. Han vart avliva ei stund etterpå. Eg godkjente Lillruben i montè denne månaden. Han gjekk eit fint prøveløp, var litt vrien i volten, men gjekk 19,7. Mitt fyrste sulkyløp kjørte eg denne månaden. Det var med Dobb Nalan. Me fekk teten og haldt nesten til mål, og det vart 3. plass og 4.000 kroner. Eg prøvde meg igjen med Delphis Lantern, men han ville ikkje særleg mykje under sal og enda med ein 6.plass i eit løp der han stod fint inne. Han fekk med seg 2.000 kroner for det. I april kjørte og rei eg inn 6.000 kroner totalt.
Delphis Lantern, foto: Pia Eidenbom. Dobb Nalan, foto: Eirik Blindheim.

Mai: C.C.Lina var fyrste hesten eg sette meg på ryggen til i Mai. Det enda med 5. plass og 2.000 kroner. Så prøvde eg meg i sulkyen bak Særheims Kongen. Han fungerte ikkje heilt i travet og galopperte frå tet i nest siste svingen. Hesten vart flytt til Øystein Tjomsland og gjorde det skikkeleg godt resten av sesongen. Eg reiste til Bergen for å ri Lillruben i hans montèdebut. Det gjorde han på ein flott måte og fekk ein fin 3. plass og 4.000 kroner. Eg avslutta månaden med eit løp på Rigel Elden på Sørlandet. Han gjekk godt og fekk 4. plass og 3.000 kroner. Totalt rei eg inn 9.000 kroner denne månaden.
Særheims Kongen, foto: Rune Eikeland. Lillruben, foto: Eirik Blindheim


Juni: Sommaren starta eg med prøveløp på Vertigo Jette. Ho trava overraskande godt og fekk godkjent på 1.34,8. Same dagen rei eg Lillruben inn til 3. plass og 4.000 kroner. Etter det var det Hage Svarten som var ute i prøveølp. Han virka veldig fin i trening, men han var ikkje sterk nok til å bæra rytter heile distansen og falt ut av travet til slutt. Dermed vart han rapportert og ikkje godkjent. Same dagen fekk eg ri Fin Fyr i eit løp, ein kjekk herremann som fekk 4. plass og 3.000 kroner. Lillruben tok turen til Forus for å prøva seg i montè med autostart, resultatet vart bra og han klatra opp til 2. plass og tok 10.000 kroner med seg heim til Bergen. Så var det klart for Noregsmeisterskapen for montèrytterane, der eg skulle delta for fyrste gong. Det var artig å få ri tre løp på ein dag, sjølv om resultata ikkje var dei beste. Fyrste løpet rei eg hissige Rubinstern som galopperte seg vekk direkte. Andre løpet rei eg på Park Heaven. Då me drog av skoa hennar vart alt feil og ho galopperte seg bort. Det siste løpet fyrste dagen rei eg Keep On Turning som gjekk eit greit løp til 5. plass og 3.000 kroner. Dagen etter rei eg kjekke Stjerne Ask. Han galopperte frå start, men gjekk skikkeleg godt til 6. plass etterpå. For det fekk han 2.000 kroner. Så fekk eg eit gjesteoppsitt på Solberg Spikern i eit rekruttløp, der fekk me 5. plass og 2.500 kroner. Mitt siste oppsitt denne månaden hadde eg på Tangen Vinn. Han gjekk feilfritt etter litt utstyrsendringar og fekk 6. plass og 2.000 kroner. Totalt denne månaden var eg ute i 10 løp denne månaden og kjørte/rei inn
36.500 kroner.
Fin Fyr, foto: Rune Eikeland. Keep On Turning, foto: Julie Kjærmann-Jensen.

Stjerne Ask, foto: Anders Kongsrud. Rubinstern, foto: Øyvind A. Brusletten.

Juli: I juli rei eg ingen løp, og eg fekk heller ikkje køyra nokon.

August: Bursdagsmånaden min starta eg på beste måte. Lillruben tok turen til Forus igjen, og han knuste feltet frå dødens til ein råsterk seier og 12.000 kroner inn på kontoen. Nokre dagar seinare rei eg Fordnes Corrado. Han fungerte ikkje og galopperte seg vekk. Eg godjente Carolina K.. Ho gjekk prøveløp på 38,3 og var litt sprutredd. Ho har ikkje debutert endå. Same dagen rei eg løp på Shocking Love. Heller ikkje han fungerte som han skulle og vart fråsprunge og enda uplassert. Eg tok turen til Sørlandet for å ri C.C. Lina att. Ho var heilt tullete og galopperte seg vekk. Månaden avslutta eg med eit dameløp der eg køyrde Eggen Prins. Han fekk 4.plass og 3.000 kroner. Då vart det 15.000 kroner innkjørt/-ridd.
Seiersløpet med Lillruben, foto: Rune Eikeland. Shocking Love, foto: Eirik Blindheim.

September: I september rei eg ikkje inn ei krone, sidan eg berre rei uplassert på Misty Valley N. i Bergen.
Misty Valley N., foto: Eirik Blindheim

Oktober: Eg starta månaden med 2. plass med Lillruben. For det fekk han 10.000 kroner. Så var det klart for montèdebuten til Vertigo Jette. Ho virka fin heilt til det kom hestar opp på sida, då tok ho avgarde i galopp og øydela sjansane sine. Min fyrste sulkysiger for året kom då eg sjokkvann eit rekruttløp med Eggen Prins. Han fekk 14.000 kroner for det. Lucky Hillmann køyrde eg og ungdomsløp med, til 6. plass og 2.000 kroner. Eg prøvde meg for fyrste gong på sprint med Lillruben i Bergen, men han var ikkje i slag den dagen og løpet vart feil. Han hadde berre fått trippelplasseringar fram til dette løpet, som han fekk 6. plass og 2.000 kroner. Dermed vart det 28.000 kroner innridd/-kjørt denne månaden.

Eggen Prins, foto: Rune Eikeland. Vertigo Jette, foto: Eirik Blindheim.

November: Vintermånadane innleda eg med å ri ein millionær for fyrste gong. Smooth Moves var ein kjekk herremann. Me fekk løpet øydelagt i starten, men fekk 6. plass og 2.000 kroner for det. Seinare på dagen satte eg meg opp i sulkyen bak Pay Back Money, som me kjøpte i august. Han fekk eit fint løp i tredje innvendig og svarte med å spurta inn til flott seier på 1.15,8 og 14.000 på konto. Så tok eg turen til Bergen. Fyrst rei eg Misty Valley N. som enda uplassert, men gjekk raskare enn ho har gjort i montè tidlegare. Fodnes Grane gjorde me nokre utstyrsendringar på og då gjekk han feilfritt og fekk 7. plass og 2.000 kroner. 22. november var det klart for finalane i Rekruttserien på Forus travbane. Fyrst galopperte eg frå start med Pay Back Money, men kom tilbake og fekk 6. plass og 2.000 kroner. Så avslutta eg med 2. plass med Eggen Prins og 10.000 kroner. Det hjelpte meg til å få 2. plass i Rekruttserien på Forus og gåvekort på 3.000 kroner. Totalt tente eg 30.000 kroner til hesteeigarane denne månaden.
Smooth Moves, foto: Rune Eikeland og Kristin Stokkedal

Pay Back Money, foto: Kristin Stokkedal og Rune Eikeland.

Desember: Årets siste månad starta eg med prøvløp på Grand Du Ling. Det var ingen montèhest, så han vart ikkje godkjent. Så rei eg Lillruben inn til ein 4. plass og 3.000 kroner. K.L.M. Kilroy fekk eg ri att, men han var veldig dårleg for dagen og enda sist. Løpet avslutta eg med eit sulkyløp i rekruttserien i Bergen. Ulsrud Rigg drog vogna og leverte eit fint løp til 2. plass og 7.000 kroner. Så eg avslutta året på same måte som eg starta det.

Totalt: Eg har vore i banen 46 gongar i år, atten løp meir enn i fjor. Til slutt enda eg med tre sigrar, seks andreplassar og fire tredjeplassar. I tillegg hadde eg atten øvrige premiar og 154.500 kroner innkjørt. Det var 9.000 kroner meir enn i fjor. 36 av løpa var travritt, med resultatet ein siger, fire andreplassar, to tredjeplassar og fjorten øvrige premiar. 92.000 kroner rei eg inn for hesteeigarane mine i år. Det var eit år med både oppturar og nedturar. Eg fekk prøva mange ulike hestar og ri for fleire nye eigarar. Eg fekk godkjenna nokre hestar, og fekk til og med ri ein millionær. Dette året har eg ridd NM og eg har vore ute i fleire løp enn nokon sesong før, og det er eg nøgd med.

Til slutt vil eg takka alle hesteeigarane som har gjeve meg sjansen i banen i år. Eg set stor pris på det.




Kommentarer

Populære innlegg