4. plass og ikkje godkjent prøveløp

Grand Du Ling virka som ein grei hest i varminga, han trava fint og oppførte seg på ein god måte. I volten til prøveløpet var han treig og fekk ikkje opp farten. Me låg i rygg ledar fyrste 500 meter, som gjekk så seint som 1.28. Då prøvde eg å gå ut eit spor for å få opp farten, men då fekk eg hovudet hans i fanget og travet gjekk i alle retningar. Eg prøvde å ta opp og roa han ned for å sjå om han trava betre då, men det gjorde han ikkje. Dermed valgte eg å bryta prøveløpet, for det er ikkje vits i å plaga hesten når det ikkje fungerer.

I montéløpet vart det ein omstart. Lillruben oppførte seg fint i volten til ein forandring, men han er treig og tapar mykje fart i starten. Me kom likevel greit i gang, men hadde litt trøbbel med å koma gjennom fyrste svingen på grunn av galopperande konkurrentar både framføre og på innsida, så me fekk eit par stoppar og mista all farten. Eg rei ut i andrespor og prøvde å få fart på han. Då tempoet vart auka på sisterunden vart me hengjande litt att. Ut på siste langsida fekk han farten opp, då eg drog skylappane. Han henta mange meter på dei ledande fire hestane. I siste svingen låg Buck Brodde i andrespor, så eg tenkte eg skulle ri forbi på innsida sidan det er kortare, men då eg nærma meg gjekk den inn i fyrstespor så me fekk bråstopp og mista all farten. Han tok seg verkeleg godt saman og spurta godt etterpå, men det vart litt langt fram. Så me enda nokre lengder bak andre- og tredjehesten, men eg var godt nøgd med 4. plassen på 1.19,5. Han var betre i slag denne gongen, men den knallharde banen var nok ingen fordel for han. Det var godt å kjenna at han var tilbake som seg sjølv.

Manstrong var ein god vinnar og Jeanett tok sin fyrste montésiger. Gratulera så mykje!

Kommentarer

Populære innlegg