Elendig Kilroy

På Forus tysdag 13. desember rei eg K.L.M. Kilroy for Kari Anne Knutsen. Han varma veldig fint, kjentes spenstig og sprek ut. Me fekk ein god start og han var raskt framme i dødens. Eg prøvde å roa han ned og koma meg ned i fyrstespor, men han var hissig og me kom ikkje inn nokre plasser. Dermed vart me hengjande i dødens ein runde. Ein runde frå mål slapp han bittet og vart uinteressert, eg kom ned i tredje innvendig. Etter det gjekk han dårlegare og dårlegare. I siste svingen kjentes det ut som han vart halt, kanskje han koda over, for han vart heilt hjelpelaus. Så eg støa han berre inn til mål, men han gjekk seinare og seinare og enda sist.

Biletet er frå varminga. Foto: Rune Eikeland/travtanker.com

Kommentarer

Populære innlegg