K.L.M. Kilroy på Forus i morgon

I det fyrste løpet på Forus i morgon skal eg på nytt prøva meg på ryggen til K.L.M. Kilroy igjen. Eg har ridd han ein gong før, 2. november i fjor, og det resulterte i 3. plass på 18,9. Han har vore i meget bra form i haust. No har han ikkje starta sidan 18. november og då enda han uplassert. Før det starta han 22. oktober, så han har nok ikkje toppformen inne lenger sidan han har få løp i kroppen. Me skal ut i eit lite felt med berre sju hestar, og kun Bar Story på strek. Om formen er intakt og han får eit fint løp får han kanskje ein premie her.

Motstanden:
1. Bar Story: Har galoppert mykje i det siste, og har dermed mange dårlege plasseringar, men han likar monté. Han står åleine på strek og får kanskje tid til å roa seg ned i front før angriparane kjem, og då kan han kanskje leda heilt inn utan galopp.
2. Moreno: Gjekk ikkje noko særleg i sitt siste montéløp, men var god i dei to løpa før det. Lise har godt tak på han og satsar nok aktivt framover med ein gong. Formen må vera tilbake om han skal kjempa om seieren, men han er nok uansett ein trippelkandidat.
3. Invisible Power: Montédebutant som berre har prøveløp på 1.20,5 bak seg. Malin Berås vinn med alt ho tek i dette året, så eg vert ikkje overraska om dette er nok eit montétalent sidan ho tek turen til Forus. Skal reknast med sjanse allereie i debuten.
5. Glide: Har hatt pause og har ikkje starta sidan 1. oktober, er behandla i perioden. Han er nok satt opp for løp og møter passande motstand, det spørs berre om han treng løp i kroppen etter 2,5 månads pause. Eg reknar med Kristine vil kjempa i toppen sidan ho startar med han.
6. Astral Projection: Debuterte i monté på Sørlandet 4. desember. Stoppa på sprint då. Imponerte ikkje meg og må nok vera forbetra for å vera med i toppen her. Premiekandidat.
7. Pretty Des: Overraska med fjerdeplass i debuten. Stod på strek og fekk fint løp då. Kan kanskje overraska igjen med det rette løpet, men er nok ein premiekandidat i fyrste omgang.

Løp: 1  Montéløp   (ca. kl. 18:00)
Montéløp
Varmblods. 4-12-årige høyest 450.000 kr.
2040 m. Tillegg 20 m ved vunnet 120.000 kr.
Premier: 12.000-6.000-4.000-3.000-2.000-(2.000) kr.
Varmblods      Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Bar Story Kari Anne Knutsen 115.000 1.15,4v 1.15,5a
2060 2 Moreno Lise Hjetland 400.384 1.15,8v 1.13,6a
2060 3 Invisible Power Malin Berås 423.000 1.14,3v 1.14,1a
2060 4 K.L.M. Kilroy Charlotte Steine 364.000 1.16,9v 1.14,6a
2060 5 Glide Kristine Kvasnes 309.500 1.16,5v 1.15,6a
2060 6 Astral Projection Brit Lea 244.500 1.15,1v 1.13,3a
2060 7 Pretty Des Anette Veggeberg 204.200 1.15,2v 1.14,5a

Kommentarer

Populære innlegg