Siger med Lantern

Det har gått veldig bra for meg i det siste. Dei siste tre startane mine har alle endt i sigrar. To i monté og ein i travløp. Denne gongen var eg veldig heldig og fekk gjesteoppsitt på den gode montéhesten Lantern, trent av Kjetil Djøseland. Hans faste rytter Brit Lea hadde ikkje mogelegheit til å ri, så eg var veldig takknemleg for tilbodet.

Då eg varma Lantern, testa eg han i ein prøvestart og han løyste noko enormt. I starten i løpet bomma me fælt. Eg tørde ikkje å snu opp så tidleg, i tilfelle han skulle løysa slik som i prøvestarten, men det gjorde han ikkje så me bomma fælt. Likevel kom me greit i gang og eg la meg til rette bak i feltet, som fjerdehest på innersporet. Første 500 meterane vart åpna på 1.20. Då vurderte eg om eg skulle gå ut i spora og rundt konkurrentane, men eg følte ikkje at eg hadde noko å ri med og det vert stort sett alltid åpning til slutt, så eg gjekk ned i tredje innvendig. Fleire av konkurrentane framføre meg gjekk ut i andresporet, og eg kom då gratis framover i feltet. Eg følte ikkje at eg hadde så mykje å ri med, før eg fekk fart på han ein runde frå mål. Max Stensbæk overtek teten, og set opp tempoet. Inn på den nest siste svingen vart me nesten påridd, men me klarte å avverga dette og eg kom meg ut i andrespor midt i svingen.

Då eg drog hetta på han var det eksplosjon, og han sette avgarde for å henta inn lengdene Max Stensbæk hadde fått. Etter ei heftig siste bortre langside, nådde me att Max Stensbæk inn på den siste svingen. Lantern gjorde kort prosess og tok seg forbi. Han gjekk så heilt i mål og tok ein enkel siger på flotte 1.15,8M på voltestart. Det var ein imponerande prestasjon!

Dette var eit veldig artig oppsitt å få. Lantern var ein god og travsikker hest. Det er alltid kjekt å få ri gode hestar, og veldig artig å få sjansen til å prøva hestar ein ikkje har ridd tidlegare, det er veldig god erfaring å ha med seg vidare.

Resultatliste:
Løp: 4 Målfoto
Start: 15. 07. 2010 kl. 19:15 Bane: Bergen Travpark Løpnavn: Montéløp Premiesum: 32500 Distanse: 2100
Baneverdi: Startmetode: Volte Plassering Startnr Hestens navn Dist Saml tid KM tid Premie kr Initialer Kusk Evt odds
1 7 Lantern (S) 2140 2:42,3 15,8 14000 KD Charlotte Steine *22

Far: Express Ride (US)
Mor: Early Mist (S)
Eier: Karl Nærland (KLEPPE)
Oppdretter: Sverige

2 2 Sandy Boy 2120 2:43,7 17,2 7000 Lene Rotneim 74
3 6 Max Stensbæk (DK) 2140 2:43,8 16,5 4000 RT Renate Aarlie 77
4 5 Aramis T.K. 2140 2:46,9 18,0 3000 Julie Mari Eikås 505
5 9 Ron Keeper* (S) 2160 2:47,1 17,4 2500 GL Caroline L.B. Morken 75
6 1 Match Girl 2100 2:51,6 21,7 2000 JEL Linda Elisabeth Larsen 576
0 3 Håson* (S) 2120 2:52,0 21,1 S-B Stine-Beate Hjartholm 218
Distansert 4 Kiss Me Quick 2120 2:52,5 dist W J Charlotte Matre 150
Distansert 8 News Wind 2160 2:54,7 dist B L Mette R. Nyløkken 37

Vunnet: Flere lengder
Odds:
V: 2,28
P: 1,5-2,66-2,64
D: 11,35
T: 52,82
Omsetning: V: 18015 P: 4399 D: 13926 T: 42413 Total omsetning: 78753


Kommentarer

Populære innlegg