Harry godkjent og 2. på Spika

Prøveløpet med Harry Trotter S.E. gjekk veldig fint. Han var ein enkel hest å ri. Me åpna første 500 på 1.23, så auka me til 1.20,8 første 1000. Ein runde frå mål var det like før han galopperte for meg, men eg fekk redda han. Me tapte mykje fart, men slapp i alle fall galopp. Så fekk han farten opp att. Eg lot han gå litt ned oppløpet, slik at han skal forstå at han må gå der og, sjølv om det berre var prøveløp. Han vart godkjent på 1.21,3.


Rei Spika var gjort til favoritt i sitt løp, V5a-3. Det synest eg ikkje ho fortjente, med tanke på at ho har stått så lenge utan trening og det var lenge sidan ho hadde starta. Med tanke på forrige montéløp er det jo greit, men eg synest ikkje ho var noko klar vinnarkandidat. Me traff kjempegodt i starten, og ho løyste skikkeleg godt. Ut av fyrste svingen var det kun Gileld som var framføre oss, men då var det ikkje meir gnist att i Spika følte eg. Planen min var å overta teten direkte, men eg fekk ikkje fart på ho. Første 500 meterane passerte strekhesten på 1.36. Då måtte eg berre leggja meg til rette bak han. Opp mot 1000 meterspassering gjekk eg ut i andrespor, det var ikkje noko gufs i ho, men me fekk etter kvart overta teten. Ho toppa øyrene og gjekk greit då ho kom til tet, men ho var ikkje så frisk som eg ville. I den siste svingen fekk eg fart på ho, men på oppløpet gjekk det tråare og plutseleg var det bom stopp. Ho fekk nok akutt mjølkesyre, og det er ikkje så rart sidan ho har hatt veldig lite trening dei siste månadane. Likevel haldt ho til 2. plass på 1.31,0, eit par lengder bak vinnaren Gilborken. No får me trena litt meir framover, og satsa på å koma med i Rappfots Æresløp 11. september.

Kommentarer

  1. Jeg så løpet på RD nå. Du red ett veldig bra løp, var helt riktig å ri tidlig framover når det var så dårlig tempo. Synd hun stumma til slutt, men hun gikk jo veldig bra med tanke på at hun hadde lite trenining bak seg.

    Gratulerer med godkjent prøveløp og 2.plassen. :D

    SvarSlett
  2. Tusen takk for det, Elisabeth.
    Eg kunne vel eigentleg ikkje forlanga at ho skulle halda heile løpet sånn som det blei, men ho går stort sett alltid gode løp i monté, og eg synest ho skal få godkjent denne gongen òg.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg