Harry Trotter S.E. og Rei Spika i morgon

I morgon er det nye sjansar. Då skal eg nok få kjenna det i kroppen. Eg har ikkje vore heilt i slag i det siste, men er klar for innsats i Bergen i morgon.

Fyrst ut i morgon er Harry Trotter S.E. som eg skal ut i prøveløp med. Han har no starta eit prøveløp og to løp, etter eit opphold frå løpsbanen sidan desember 2008. Begge løpa har resultert i premie. Hesten er veldig stor, og eg har tru på at han kan verta ein fin montéhest, sjølv om han er ti år gammal. I følgje eigaren er han både regulerbar og travsikker, og det skal vera eit bra utgangspunkt. Så me får gjera det beste ut av det i morgon, og sjå korleis det går. Det er veldig spennande å få prøva nye hestar i alle fall, meget god trening og erfaring.

I det 4. løpet, V5A-3, skal eg ut med Rei Spika. Det er Stall Steines Montéløp, så det er artig å få ri i eit løp me sponsar sjølv. Ho har ikkje starta på 1,5 månad, så eg er usikker på formen hennar. Ho pleier å vera best med mykje trening, men me har ikkje fått trent så mykje den siste tida sidan me har prøvd å få ho drektig. Løpet ser eigentleg ikkje så gale ut denne gongen. Me står på 60 meter tillegg denne gongen, så det vert lenger fram. Kun ein konkurrent startar bak oss. Det vert avgjerande å treffa godt i starten i morgon, og ho må gå feilfritt. Me får gjera så godt me kan begge to, og håpa at me då kjempar om ein trippelplass i alle fall.

Ein annan hest eg er spent på i morgon er Tempranella, som eg godkjende tidlegare i år. Ho startar sitt fyrste montéløp no, og får Lene Bjånes Indrevær på ryggen. Det vert spennande å sjå kva ho kan utretta i denne løpstypen, for ho avslutta fint på 1.32 for meg i prøveløpet siste 1000. I tillegg debuterer Dala Jento for oss i morgon. Stine Beate Hjartholm skal ri ho. Dei har fordel av å stå på strek, og om ho fungerer så kan ho verta vanskeleg å innhenta.

Tinn Pålle skal ut i monté med ny rytter, ein veldig kapabel hest som lett galopperer. Det same med Heger Best. Gil Rau Jo har ikkje vore heilt som han skal i det siste, men han er god på sitt beste. Gilborken får 80 meter tillegg, men er vel beste hesten i feltet, og kan fort vinna løpet. Gileld har eg ingen tru på, han er mykje plaga med galopp. Eigentleg er det eit veldig åpent løp, der mange kan vinna, så det vert veldig spennande.

Kommentarer

  1. Harry Trotter er jo knallfin. Morro at du skal få kvale han.
    Masse lykke til med Rei Spika i dag, dere pleier jo hente dere fine premier.

    SvarSlett
  2. Ja, skikkelig flott hest han. Var ein veldig enkel og fin hest å ri òg.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg