Ny sjanse med Rousseau

På førstkomande torsdag har eg fått ein ny sjanse i montéløp med Rousseau Detain. Me har 60 meter tillegg denne gongen og, men sidan det ikkje står hestar på strek har me vel teoretisk sett berre 40 meter. Me har fått fleire hestarDenne gongen er det fleire gode hestar med. Dei eg fryktar mest er Kiss Me Quick som står på 20 meter tillegg. Hoppa har starta ein gong i monté og vann då på 1.17,8 over 1700 meter. Dersom ho held tempoet høgt heile vegen, kan det verta vanskeleg å henta inn tillegget. Kitten er tilbake på startlista i Bergen, og han har vist gode takter før. Maitre Titan kjem frå Forus og News Wind tek turen over fjellet nok ein gong. Den gjekk godt etter galopp i Bergen sist han starta, men står likt med oss no. Han bør likevel reknast med ein god sjanse. Ron Keeper har gått fort i monté tidlegare, om han er i fin form kan han nå langt. Det kan verta eit spennande løp, og eg ser fram til å ri Rousseau igjen. Løpet er sponsa av BS-Anleggsservice.

Startliste:

Løp: 1 BS-Anleggservice's Montéløp (ca. kl. 18:00)
BS-Anleggservice's MontéløpVarmblods. .2100 m. Monté. Tillegg 20 m ved vunnet 85.000 kr, 40 m ved 200.000 kr, 60 m ved 450.000 krPremier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Varmblods Volte Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2120 1 Kiss Me Quick Charlotte Matre 109.700 1.19,1v 1.15,3a
2120 2 Super Victor Cecilie B. Berentsen 138.850 1.16,8v 1.16,3a
2120 3 Maitre Titan Anette Selliken 161.450 1.15,3v 1.16,1a
2120 4 Giant Augustinu Lene Bjånes Indrevær 150.951 1.17,2v 1.15,2a
2120 5 Kitten Renate Aarlie 166.556 1.16,6v 1.15,5a '
2120 6 Ideal Nortec Stine-Beate Hjartholm 137.146 1.16,8v 1.15,9a
2140 7 Draw Arnie Oda Mykkeltvedt 201.750 1.18,0v 1.14,4a
2140 8 Medallion's Chief Mariann Borgen 284.050 1.16,5v 1.14,1a
2160 9 Rousseau Detain Charlotte Steine 672.591 1.14,5v 1.13,8a
2160 10 Ron Keeper Caroline L.B. Morken 653.532 1.14,9v 1.12,7a
2160 11 News Wind Mette R. Nyløkken 553.069 1.16,9v 1.13,9a

Kommentarer

Populære innlegg