3. plass med Rousseau

I mitt fjerde montéløp saman med Rousseau Detain fekk me 3. plass. Han var ikkje heilt i slag i dag. Etter defileringa tok eg ein prøvestart, men eg fekk ikkje fart på han. I volten var han vanskeleg, og eg fekk ikkje gang på han då heller. Me tapte mykje i starten og tapte til feltet etter det og. Allereie i fyrste svingen måtte eg dra proppane på han, i håp om at han vakna litt då. Han gjekk litt fortare, men det var ikkje noko fres i han. Om lag ein runde frå mål drog eg skylappane og, det var riding i fleire spor, så me måtte ut i tredjespor for å angripa. Ned den siste langsida plukka han konkurrentane ein etter ein. Den siste svingen vart drøy, der måtte me ut i fjerdespor for å koma klar konkurrentane. Kitten haldt tempoet oppe i front, og me klarte ikkje henga med i ryggen til News Wind. Rousseau kjempa greit til mål, men han hadde ikkje det ekstra giret i dag. Han fullførte på 17,8 over 2160 meter, så det er jo bra på ein dårleg dag. Han har vore behandla sidan sist og vart nok litt tung i kroppen i dag, sidan han nesten berre har stått i ro og skritta den siste månaden. Mette Nyløkken vann med News Wind på 17,1 og Renate Aarlie fekk andre med Kitten. Det var godt å sjå dei gode montéhestane tilbake i slag.

Kommentarer

Populære innlegg