6. plass med Rei Spika

På torsdag var eg i banen att. Rei Spika og eg fekk ein elendig start, eg bomma fælt på volten frå mitt førstespor motsatt og me tapte mykje. Inn på første svingen gjekk eg inn på innersporet, der skulle eg nok gått ut og angripe på direkten. Me kom så fram i tredje utvendig. Ho er ikkje glad i at det vert trangt rundt ho og det kom fleire angriparar tet på ho slik at ho fekk fleire stoppar i løpet og måtte dermed starta opp att. Det er ikkje heldig for ho. I tillegg var banen veldig tung, noko som er ein bakdel for ho som er så stor. Det positive i dag var at ho gjekk fint i ryggar og ikkje galopperte, sjølv om det vart fleire tronge situasjonar. Ho fullførte fint til 6. plass på 1.33,6. Då haldt ho farten greit, men hadde ikkje det ekstra giret til mål. Me var nøgde med innsatsen, men ho er nok litt tung i kroppen no.

Kommentarer

Populære innlegg