Fantastisk startliste

Eg trur det må vera ny rekord på antall starterklærte hestar i kaldblodsmontéløp i Bergen, om ein ser bort i frå Rappfots Æresløp. Heile 12 hestar er starterklært. På innmeldingslista var det 14, og at berre to valde å trekkja ut att synest eg er kjempeflott. Eg håper den gode trenden held fram!

Sjølv skal eg ri Rei Spika denne gongen. Ho er blitt betre etter skaden. På torsdag starta ho vanleg løp med min far i vogna, og ho fekk eit tungt løp. Først i tredjespor, så dødens og pressa seg til tet, haldt tempoet oppe. Til mål gjekk dessverre dei andre fortare, slik at ho enda utan premie, men eg håper det var ei fin gjennomkøyring til montéløpet. Så lenge me klarer heile løpet feilfritt, gjer ho sitt beste, så me får prøva å klara det.

Nok ein gong kjem Alsaker Bruno på besøk. Han var tilbake i godt slag sist han gjesta oss i Bergen, og tar nok med seg ein siger til heim. Valett kjem og frå Arthur Bø for å starta. Det er kjempeflott at de tek turen over til oss, og det gjer løpa endå meir spennande. Kanskje han får att for det i den flotte trenarcupen vår på slutten av året? Ellers tek Drav Svint turen frå Forus. Han har vore imponerande i det siste og vil nok gje Bruno kamp til døra. Nøkle Pål har vore i form lenge og vil nok blanda seg inn i kampen han og. Så dette blir eit spennande løp håper eg.

Nording som eg rei forrige montéløp skal og starta. Denne gongen skal Eva Hellem ri han, og det går nok fint. Eg testa han i eit hurtigarbeid på torsdag, og då var han mykje betre. Me endra litt på balansen etter løpet, og det ser ut til å ha slått positivt ut. Han avslutta med ein fin 1000 meter. Dersom han held seg for god til galoppen havnar han nok langt oppe på lista trur eg.

Eg fekk og testa Silverboy M.C. i eit hurtigarbeid på torsdag. Det var ein kjekk herremann. Banen var dårleg, veldig hard, og det gjorde at me ikkje sette opp det største tempoet. Han var fin og enkel å ri, så det var eit hyggjeleg bekjentskap.

No ser eg fram til å ri eit nytt løp, og eg håper me klarar oss utan galopp. Denne gongen er løpet sponsa av Kiwi Arnatveit og Indre Arna. Her er heile startlista:

Løp: 1 Kiwi Arnatveit & Indre Arna's Montéløp (ca. kl. 18:00)
Kiwi Arnatveit & Indre Arna's Montéløp
Kaldblods. .
2100 m. Monté. Tillegg 20 m ved vunnet 90.000 kr, 40 m ved 250.000 kr, 60 m ved 600.000 kr
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Kaldblods N/SV Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2100 1 Dag Jørn Victoria Steine 73.900 1.33,2v 1.34,1a
2100 2 Gileld Stine-Beate Hjartholm 40.850 1.33,7v 1.33,5a
2120 3 Frk. Perny Julie Mari Eikås 205.500 1.29,8v 1.29,1a
2120 4 Tangen Vinn Lene Bjånes Indrevær 239.000 1.28,1v 1.27,2a
2120 5 Gil Rau Jo Evy Katrin Teigen 232.200 1.29,2v 1.28,2a
2120 6 Valett Hanne Borgli 238.312 1.27,2v 1.25,9a
2140 7 Nøkle Pål Renate Aarlie 456.700 1.27,3v 1.26,3a
2140 8 Gilborken Iselin Teigen 516.500 1.25,5v 1.25,3a
2140 9 Nording Eva Hellem 554.200 1.27,6v 1.24,8a
2140 10 Drav Svint Marie Øvestad 250.650 1.28,5v 1.27,1a
2140 11 Rei Spika Charlotte Steine 316.834 1.28,9v 1.26,8a
2160 12 Alsaker Bruno Mette R. Nyløkken 1.314.019 1.23,2v 1.22,5a

Kommentarer

Populære innlegg