Mitt livs valentinesdate

På søndag er det valentinesdag, morsdag og fastelaven. Dette feirar me i Bergen ved å arrangera det aller første montéløpet med autostart. I tillegg har dette blitt satt som 6.løp, det vil seia at det er med i begge V5-spela. Det er òg første gong med i V5 i Bergen, så dette vert eit løp for historiebøkene. Denne gongen er det www.travformidling.com som sponsar løpet vårt, og det er blomster og dekken til vinnaren.

Eg føler meg heldig som får lov å ri dette løpet. Når det i tillegg er den gode hesten Rousseau Detain eg skal få ri igjen, føler eg at det er jul, påske, nyttår og bursdagsfeiring på ein og same dag. Løpet er 1600 meter langt, og det er fullt felt, så det kan bli spennande. Spora er delt ut ved at hestane med høgast grunnlag har dei ytterste spora, det vil seia at eg og Rousseau står i spor 10. Dei to første løpa våre saman har me hatt 60 meter tillegg, og han har då vunne enkelt. Han er ein enkel hest å ri, og har vist at han er god i monté. Eg ser veldig fram til eit nytt løp med han. Det er ei stor ære å få ri ein slik hest. Dette ligg godt an til å verta mitt livs valentinesdate, garantert ein dag eg vil hugsa. Det vert mitt fyrste autostartløp i salen, så dette ser eg verkeleg fram til. Eg håper det utartar seg bra, og vert eit spennande, godt sportsleg løp for spelarane.


Startliste:

Løp: 6 Montéløp (ca. kl. 19:20)
Montéløp Varmblods. .1600 m. Monté. Autostart. Max 10 startende.Premier: 12.000-6.000-4.000-3.000-2.000-(1.500) kr.
Varmblods Auto
V5-5 V5B-2
Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
1 Vilnius Rider Oda Mykkeltvedt 93.740 1.17,8v 1.16,5a
2 Magic Star D.K. Renate Aarlie 124.000 1.17,2v 1.15,8a
3 Super Victor Hege Karin Arverud 135.850 1.16,8v 1.16,3a
4 Giant Augustinu Caroline L.B. Morken 144.951 1.17,2v 1.15,2a
5 Maitre Titan Anette Selliken 155.450 1.15,3v 1.16,1a
6 Sweet And Deliberate Lene Bjånes Indrevær 159.200 1.17,5v 1.15,0a
7 T's Di Mucho Marie Øvestad 203.844 1.17,1v 1.15,7a
8 Medallion's Chief Mariann Borgen 282.050 1.16,5v 1.14,1a
9 Samuraj Sund Camilla Sund 575.376 1.15,4v 1.14,3a
10 Rousseau Detain Charlotte Steine 660.591 1.14,5v 1.13,8a

Kommentarer

Legg inn en kommentar

Populære innlegg