Galopp som frykta

Nording er ingen enkel herremann. Han er litt ustabil, og har lett for å galoppera. Denne gongen klarte me ein start i Bergen utan omstartar, så det var veldig positivt. Sjølv fekk eg ein dårleg start, men han løyste fint og var meir gira enn i prøveløpet. Dessverre galopperte han frå start og tapte mykje. På første langsida tok me att Oppegards Prinsen, og han gjekk godt med selskap, men ein runde frå mål kom ein ny galopp. Denne varsla han ikkje, plutseleg berre galopperte han, så eg følte ikkje eg fekk gjort så mykje for å hjelpa han. Nok ein gong tapte me mykje, men tok att Oppegards Prinsen igjen i nest siste sving. Der braut Oppegards Prinsen løpet, og då sa det stopp for Nording. Eg valte å fortsetta å ri, og inn på siste svingen starta han opp att og gjekk fint til mål. Han forstår fortsatt ikkje heilt poenget med å bli ridd på i banen, men det var framgang frå sist. Eg trur han vert ein fin montéhest om han ikkje galopperer, for han gjekk godt med hestar på sida. 11. mars er det nye moglegheiter med kaldblodsløp i Bergen igjen. Eg håper sjølvsagt at Rei Spika er klar til å starta der, viss ikkje har eg fleire alternativ.

Kommentarer

Populære innlegg