Historiske Rousseau

Eg feira Valentines dagen på beste måte. Sidan me skulle få prøva oss med autostart i montéløpet hadde me møte for alle ryttarane før kjøringa byrja. Det var veldig greitt for meg som ikkje har ridd autostart før. Me avtala autostartprøve slik at me fekk tid til å varma hestane fyrst. Eg var ein av fire deltagarar som valde å ta startvognprøve, og det angra eg ikkje på. Rousseau Detain gjekk ein fin prøve og varma fint. Etterpå vart eg intervjua av Rikstoto Direkte. Me var gjort til dagens største favoritt i begge V5-spela, så eg følte eg hadde litt press på meg.

Då starten gjekk fekk me ein fin start. Sidan 7 T's Di Mucho var strøket stod eg i spor 9, noko som tilsvara sjuande spor for vanlege travløp. For meg var det overraskande at han skulle løysa så godt frå start. Ut av første svingen var me framme i dødens, på utsida av Maitre Titan/Anette Selliken. Første 500 meter vart passert etter 1.15. Ut på siste bortre langsida gjekk han godt, og byrja verta gira. Eg fann ut at eg berre skulle la han gå, så eg drog proppane og han overtok teten. Første 1000 meter passerte me på 1.16. Deretter var det parade til mål. Han var overlegen og gjekk inn til ein flott seier. Rune, Erik og Jeanett gjer ein fantastisk jobb med han. I monté er han i alle fall skikkeleg god og det er ei stor ære å få ri. Dette var vår tredje strake siger saman, på tre forsøk. Me fekk dekken som var sponsa av www.travformidling.com. Eg fekk til og med blomar på Valentines daten min.

På toppen av det heile tok French Crown sin andre seier i karrieren i dag. Han tok ein enkel seier frå tet saman med trenaren Øyvind Austevoll. Så denne dagen fekk eg dobbeltsiger.

Kommentarer

  1. Gleder meg til å se dere i neste løp. Bare kos å se den hesten i montéløp.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg