Fredagsutfordring

Det er montéløp for kaldblodshestar i Bergen på fredag. Vanlegvis rir eg Rei Spika i desse løpa, men no er ho blitt skada. Eg var meldt på både Spika og Nording på innmeldingen. I tillegg var Dag Jørn som eg har godkjent meldt på søstera mi. Då startlista kom såg eg at eg stod som rytter på Nording. Eg rei prøveløp på han i desember. Han er ei lita nøtt. Det var ikkje så mykje han skjønte, men det var berre andre gongen han vart ridd i banen. I tillegg måtte han gå åleine. Eg håper det vert litt meir liv i han med hestar rundt seg. Så får me prøva å gjera det beste ut av det og prøva å koma i mål utan galopp. Han galopperte i prøveløpet, så eg er redd galoppfaren er stor. Det er slike hestar ein lærer av å ri og eg er veldig glad eg får sjansen til å vera med i løpet. Sponsoren denne gongen er Little Prince og Princess.

Dessverre er det berre meldt sju hestar denne gongen, og det er feil vei i forhold til kvar me vil med montégruppa. Me har fått fleire løp og fått på plass to cupar, men likevel er ikkje folk villige til å melda. Dette er trist for oss som prøver å få sporten opp og fram i Bergen. Eg skulle likt å visst kvifor folk ikkje vil starta i monté, så kunne me kanskje gjort noko for å betra det.

Kommentarer

Populære innlegg