Nytt løp og nye moglegheiter

På torsdag er det nytt løp på Bergen Travpark. Denne gongen er det varmblodshestane som skal ut å kjempa i Investor G.T.'s Montéløp. Eg er heldig og får nok ein gong ri Rousseau Detain. Då eg rei han i november enda det med siger på 1.14,5.

Denne gongen er det 2100 meter som er grunndistansen, og me har nok ein gong 60 meter tillegg. I utgangspunktet er det veldig vanskeleg. Når strekhesten Magic Star D.K. gjekk 1.19 åleine i prøveløp skal me få litt å bryna oss på. Maitre Titan og Takeover Ås er hovudutfordrarar frå 20 meter tillegg, medan News Wind tek turen vestover for å starta på 40 meter tillegg. Eit vrient løp, der fleire har mogelegheit for å vinna.

Det skal verta spennande å ri Rousseau ein gong til. Han er ein fantastisk hest, så det er ei ære berre å få ri. Me får gjera så godt me kan, så får me sjå kva som skjer. Spennande vert det i alle fall :)

Kommentarer

Populære innlegg