Min montéblogg

Hei alle sammen
I fjor fekk eg ei oppfordring om å oppretta montéblogg, så no har eg endeleg tatt steget og fått gjort det.

Eg er ei blid jente frå Steinsdalen i Hardanger. For tida bur eg heime på garden vår. Me eig 23 travhestar, der to av dei inngår i andelslag. Mine favorittar av desse er Rei Spika, French Crown, Thai Lady og avkomma hennar Vertigo Charlot og Vertigo Pride.

Montélisensen tok eg i 2006. Eg vart 16 år i august det året, og tok lisenskurs. Montélisens og rekrutt kjørelisens fekk eg ut av det. Heimebanen min er Bergen Travpark. Mitt fyrste løp rei eg på Mjølner Jet i desember 2006. Me debuterte med 2. plass, tap på målfoto for Rigel Rasken og Monica Refsland. Etter dette har det gått litt trått med min karriere, fram til i fjor. Då gjorde eg min beste sesong i karrieren. På 10 startar i monté fekk eg 2 sigrar, 2 andreplassar og 1 tredjeplass i tillegg til to fjerdeplassar.

Den fyrste sigeren min kom med Rei Spika. Ho debuterte i monté det løpet, 26. februar 2009, på Bergen Travpark. Det var veldig stort å få min fyrste siger i totoen. Eg tok ein siger på lokalkjøring med Mjølner Jet i 2007, men det er ikkje det same likevel. At Rei Spika er i vår eige og aldri hadde vunne løp før ho heller gjorde det ekstra morro. Den andre sigeren min i fjor kom med Rousseau Detain. Eg var heldig å fekk ri han i eit montéløp i november. Me hadde 60 meter tillegg, men han lot seg ikkje stoppa av det. Rousseau var ein fantastisk hest å få ri, regulerbar og travsikker. Me kom i mål på 1.14,5 voltestart på 1660 meter. Noko som var tangering av Buckaroo K. sin uoffisielle noregsrekord. Det var litt av eit kick. I fjor var eg med å kjempa om championatet i Bergen, det tapte eg i det siste løpet då Renate Aarlie tok sin tredje siger for året og tok med seg championatet og eg enda på andreplass. Dersom eg får ein like god sesong i år, vert eg strålande nøgd.

Eg er veldig engasjert i montésporten i Bergen og jobbar for at han skal verta betre. Nyleg har me starta Bergen Travparks Montégruppe, der eg er leiar. Me jobbar for sporten i Bergen og har som mål å få fleire løp og fleire godkjente hestar. Vårt fyrste steg er trenarcup og ryttercup som inkluderer alle montéløpa på Bergen i 2010. I løpet av 2010 skal det vera fleire montéløp enn det har vore dei siste åra. Historisk vert varmblodsmontéløpet i februar. Då skal det for fyrste gong i historien arrangerast autostartløp for monté i Bergen. Me håpar det vert mange sportslege godbitar å fryda seg over innan montéen i Bergen i år.

I tillegg til at eg engasjerer meg i montésporten er eg leiar i Bergen Travparks Ungdomsgruppe som me starta på slutten av 2008. Så innanfor travsporten har eg mykje å engasjera meg i. Eg brenn mest for montésporten og det er mitt satsingsområde sjølv om eg no har amatør kjørelisens i tillegg.

- Charlotte -

Kommentarer

Populære innlegg