2. plass med Rei Spika

Torsdag 14. januar var det årets fyrste montéløp i Bergen. På startlista var det dessverre berre 7 hestar. Eg og Rei Spika hadde fått nummer 5, tredjespor på 40 meter tillegg. Denne gongen var det 1600 meter som var grunndistansen.

Som vanleg vart det tull i starten. Då hestane volta snubla Gil Rau Jo/Evy Katrin Teigen slik at sjekken rauk. Det vart ei utsetjing av dette. Då hesten var tilbake hende det samme ein gong til, og ekvipasjen forlot banen. Då var det berre 6 hestar att i feltet. Etter ein omstart til kom me i gang.

Eg fekk ein dårleg start, men var tidleg oppe som tredjehest då Bravo Best/Lene Bjånes Indrevær galopperte. Opp mot første 500 meter passering var me kome fram i dødens. Dag Jørn/Victoria Steine var i tet med Dagsvinni/Julie Eikås i rygg. Inn på nest siste svingen pressa me oss til tet. På den siste bortre langsida kom Nøkle Pål/Renate Aarlie opp på sida og la trykk på Spika. Dei kopla grepet i den siste svingen. Like før mål tente Spika til att og tok innpå, men me tok ikkje att Nøkle Pål. Det vart ein hederleg andreplass på oss dette løpet. Me kom i mål på tida 1.29,6. Det var deilig å ri eit løp utan galopp med Spika att. Ho gjer alltid gode innsatsar i monté. År 2010 kunne ikkje starta betre. For 7. januar tok nemleg French Crown sin fyrste siger i karrieren. Det var eit travløp saman med Øyvind Austevoll. Så spørs det kor lenge det held fram slik.

- Charlotte -

Kommentarer

Populære innlegg