Ny seier med Rousseau
Det vart strekk i feltet og me hadde veldig langt fram. Som venta var det Magic Star D.K./Renate Aarlie som fekk teten, men tempoet var heldigvis lavare enn eg frykta. Første 500 meter vart passet etter 1.22,6 og første 1000 meter etter 1.20,5. Då hadde me framleis veldig langt fram.
1200 meter frå mål drog eg proppane, og han svara med å finna eit ekstra gir så me tok att feltet. Inn på den nest siste svingen drog eg skylappane, og det gjev meg eit kick for han aukar farten med ein gong. Så me angrip i andrespor og passerer hest etter hest. Inn på siste svingen har me kun Magic Star D.K./Renate og Thai Sunshine/Julie Mari Eikså foran oss. Han er på hugget og eg kan dra ut i tredjespor. Løpsviljen kjem godt til syne og han er raskt forbi dei. Etter det kan me berre kontrollera inn til mål. Bak oss avsluttar News Wind/Mette Nyløkken godt til andre. Renate Aarlie får tredje med Magic Star D.K.
Kommentarer
Legg inn en kommentar