Ny sjanse med Solberg Jela

Foto: Arnfinn Roaldsøy/www.fotobertil.net
På søndag er det klart for nytt kaldblodsmontéløp på Forus. Det er gledeleg å sjå at ti hestar vil prøva seg i kampen om premiane i Veterinær Rune Skogens montéløp. Eg set meg på ryggen til Solberg Jela. Det er sprint denne gongen, slik det var sist eg rei ho. Ho debuterte i monté i mai, og gjekk eit fint løp til 4. plass på 26,4. Då tapte me for både Spik Lotta og Kap Tilly, men dei stod 40 og 20 meter foran oss. Ho kjentes veldig fin ut i det løpet, og gjekk godt til mål. 

Solberg Jela har vel ikkje vist toppform i det siste, men eg synest ho haldt godt i sitt siste sulkyløp, sjølv om ho gav seg litt siste biten før mål. Eg kjenner eg er litt optimist foran dette løpet, og føler faktisk ho har sjanse til å kunne kjempe i toppen. Eg håpar iallfall at me kan få ein trippelplass.

Det er fleire spennande debutanter og fine hestar til start, og det gjer at eg synest fleire har sjanse til å vinna. 

Motstanden:
1. Beck Odin: Ein hest som har fordel av at han er mykje ridetrent, står på strek og det er alltid ein fordel på sprint. Eigaren og trenaren fortel at Beck Odin er ein sprek hest med stigande form. Han er mykje ridd på, og viser fine takter under sal. Han gjekk eit hurtigarbeid under sal for Irmelin Risa på måndag, og det gjekk veldig fint. Hvis han ikkje galopperer seg vekk frå start, håpar ho at han kan få ein premie. Ho trur dette er ein hest, som kan trivast med å gå løp under sal.
2. Manni Kvikka: Har blitt ridd masse i trening, og eg veit dette er ein hest dei har hatt lyst å testa i montéløp lenge. No er det klart for debuten, og eg er spent på kva ho kan. Står fint til på stek, og er sikra eit fint løp. Kan fort kjempa på trippelen. Oppassaren seier ho har gått eit rolig jobb på Forus, der hoppa fungerte fint, men ho er nøgd med premie. 
3. Kapitana: Endå ein av hestane som gjer sin montédebut her. Tonje har ridd hurtigarbeid på ho, og synest det såg bra ut. Ho forventar ein fin premie, så lenge hesten ikkje tullar seg vekk i løpet. 
4. Kleppe Skranten: Har fine montémerittar frå før, men har tulla seg bort lenge. Må gå feilfritt, om han skal hevda seg her. Trenaren var optimist foran løpet han måtte strykast frå i Bergen, på grunn av mangel på rytter. Sidan dei tek turen til Forus, reknar eg med at dei synest han ser fin ut heime. 
5. Åspe Viktor: Har gått fleire montéløp tidligare, men det er over to år sidan sist. Har eit veldig riktig løp denne gongen, så om han kjem seg frå start, synest eg han har ei fin oppgåve, men er nok først og fremst ute etter premie. 
7. Spik Lotta: Gjekk veldig godt til siger i sitt fyrste montéløp, men då stod ho 40 meter bedre inne enn ho gjer i dette løpet. Får to tette startar, sidan ho var i Bergen på torsdag, og det kan slå begge vegar. Er uansett ein av hestane som kan vinna dette løpet. 
8. Kap Tilly: Imponerte meg i sin montédebut. Har gått mange gode sulkyløp etter den gong. Eg synest ho har ei fin oppgåve, og skal reknast med vinnarsjanse. 
9. Oriola: Er ei flink hoppe, som har gått fine løp under sal. Gjekk godt til andre bak Troll Svenn sist, men gav seg litt til slutt. Møter hestar ho normalt er på høgde med her, så ho vil nok vera med å kjempa om sigeren i dette løpet. 
10. Pågangsmot: Skal ifølgje eigaren strykast på grunn av kolikk. 

Startliste:
Løp: 3  MONTÉLØP - POENG SPESIAL  (ca. kl. 18:55)
POENG SPESIAL - MONTÉLØP
For 5-15-årige høyest 600.000 kr. Også for 5-15-årige høyest 800.000 kr med høyest 300 poeng.
1600 m. Monté. Tillegg 20 m. ved vunnet 175.001 kr., 40 m. ved 325.001 kr.
Premier: 14.000-7.000-5.000-3.500-3.000-(3.000) kr.
Kaldblods      Volte V65-3     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
1600 1 Beck Odin Jeanett Marie Dagsvold 131.000 1.28,9v 1.28,0a
1600 2 Manni Kvikka Brit Lea 132.000 1.28,8v 1.28,3a
1620 3 Kapitana Tonje Gudmestad 239.000 1.27,6v 1.26,7a
1640 4 Kleppe Skranten Inga Lamvik 584.500 1.23,3v 1.23,9a
1640 5 Åspe Viktor Beate Barka 663.500 1.24,6v 1.24,0a
1640 6 Solberg Jela Charlotte Svendsen 570.500 1.24,1v 1.25,3a
1640 7 Spik Lotta Irmelin Risa 334.171 1.25,8v 1.25,1a
1640 8 Kap Tilly Martine Finsand 468.500 1.23,9v 1.23,3a
1640 9 Oriola Lise Hjetland 652.000 1.25,4v 1.24,7a
1640 10 Pågangsmot Marie Øvestad 493.000 1.25,2v 1.22,6a

Kommentarer

Populære innlegg