SEIER!


Foto: Lisa Kristin Johannesen
Eg var ute i Veterinær Rune Skogens montéløp søndag 7. oktober. På førehand hadde eg ei veldig god kjensle, og var overraskande optimistisk til meg å vera. Då me køyrde til travbanen sa eg til Stian at det var lenge sidan eg hadde kjent på det å ha så stor vinnarsjanse.

Solberg Jela var piggare i varminga denne gongen. Ho gjekk meir på, og var generelt ivrigare enn sist eg rei ho. Så det slo meg at ho skjønte meir enn sist, og eg tenkte det var eit godt teikn. Eg tok ein prøvestart med ho, og då gjekk ho fint avgarde, men ho roa seg likevel ned etter ho hadde fått strekkja litt på beina. Etter varminga var eg mest skeptisk til mine eigne bein, for dei kjentes så tunge. Så mellom løpet og varminga passa eg på at eg fekk gått litt og tøyde musklane litt for å verta klar til løpet. Det kjentes betre då eg sette meg opp i salen igjen.

Prøvestarten var fin, så alt såg bra ut. Det vart to omstartar i løpet, på grunn av ein hest som ikkje ville volta. Den fyrste omstarten vart det veldig trangt for oss, og me fekk ikkje plass i volten. Heldigvis fekk me fleire sjansar, og fekk litt betre plass etterpå. I den gyldige starten, trudde eg det var omstart igjen, då eg synest nokre av ekvipasjane var over startstreken. Men eg har lært frå tidligare, at det er berre å ri likevel, slik at ein ikkje taper dersom starten går. Me fekk ein ok start, og jobba oss framover. Eg la meg inn i førstespor, sidan det er kortaste vegen til mål. Fyrst måtte eg passera ein konkurrent, og då Spik Lotta satsa framover bestemte eg meg for å gjera det same, slik at det ikkje skulle bli for langt fram. Solberg Jela var på hogget, og hadde ingen problem med å gå forbi dei konkurrentane ho fekk beskjed om å passera.

Fornøyde etter sigeren.
På siste bortre langsida var me komme fram som andrehest. Der la eg meg inn i ryggen til Spik Lotta, men då var det akkurat som Solberg Jela la litt av og mista litt piffen. Så eg tørde ikkje liggja der lenger enn til utgangen av svingen. Eg trudde eg hadde behov for litt tid å få ho opp i fart igjen. Då eg angreip i andrespor, fekk eg svar nesten med ein gong. Me kjempa side ved side nedover oppløpet, men midt på oppløpet følte eg at eg hadde grepet. Gliset vart berre større og større. Etter kvart som me nærma oss mål hadde me god kontroll, og min fyrste siger sidan 8.november 2011 var eit faktum. Det var berre å la gleda sleppa laus, og la feiringa starta. Denne sigeren har eg jobba for å få i mange år, og det gjer det nok endå litt viktigare når han fyrst kjem. Det er ikkje mykje som slår sigersrusen, for den er fantastisk.

Solberg Jela er ei fantastisk hoppe, som har starta 117 løp i karrieren, sjølv om ho berre har 5 sesongar i banen. Eg set stor pris på at Tormod lot meg få prøva ho, og må berre seia tusen takk for at eg har fått lov å låna ho.

Trav365.no skreiv ein artikkel om meg etter sigeren, den kan du lesa her.



Kommentarer

Populære innlegg