Dg og 2.plass

Foto: Elins Travbilder
Bergensturen der eg rei Karslig vart dessverre ingen suksess. Elisabeth varma han med vogn, så eg hadde ikkje vore borti han før eg rei ut til løpet. Karslig var større enn eg trudde, og hadde fin aksjon. Eg likte hesten godt. Han kjentes fin ut i prøvestarten, og han løyste godt frå start i løpet. Me kom fint til i tredje innvendig, og han var skikkelig på hugget. Men ut av andre svingen snubla han, og fekk all vekta framme, då røyk sjekken. Han går med dobbel ganesjekk, og han slo rett over i galopp. Då var det dessverre over for vår del. Etter å ha sett løpet i reprise, ser det ut som hesten bak går oppi han, og det kan vera ei forklaring på den uventa snublinga.

 
Foto: Stine Lode

Eg rei monté debutanten Call The Judge på Forus 25.september. Han skulle vera rolig og fin, men var gira allerede på stallgangen. I varminga var han skikkelig pigg, og han viste fin fart i autostartprøven. Eg vart meir optimist etter varminga, for han kjentes flott ut. Me justerte ut sjekken litt til løpet. Han løyste fint frå start, og eg rei ned i førstespor. Dei to fyrste hestane sette opp stor fart, men eg tenkte dei kom til å bli trøytte, så eg tok det litt roligare. Me låg i samme posisjon til siste langsida. Då gjekk det litt seinare i front, og eg drog ut for å ri forbi Trusty Sassy. Eg tenkte å dra proppane i siste svingen, men han vart veldig rullete i gangen og var nær ved å galloppera, så eg måtte støtta han. Heldigvis tok han mot hjelp, og me kom inn på oppløpet. Då eg fekk dradd proppane auka han farten, og nærma seg tethesten. Me fekk ein flott 2.plass på 16,8. Det var ein flott prestasjon av hesten, og veldig kjekt for meg å vera med i toppen igjen.

Kommentarer

Populære innlegg