Stopp igjen

Foto: Arnfinn Roaldsøy/www.fotobertil.net
Eg rei Alsaker Torres i Rappfots Æresløp i Bergen 2. juni. Han virka mjuk og fin i varminga, og var regulerbar og fin.

Det er stas å delta i Rappfots Æresløp! Defileringa er eit syn, der alle kjem med dekken og vert presentert. Det gjer meg eit kick berre å vera med i defileringa. Torres gjekk ein fin prøvestart, og me var klare for løp. Det vart ein omstart, noko som eigentleg var ein fordel for meg, fordi eg var litt sein med å snu opp i det første forsøket.

I den gyldige starten kom me godt i gang, og me var med blant dei fremste med ein gong. Eg valgte ledarrygg, bak Lille Amare. Det er ein av dei beste ryggane eg kunne hatt. Kvikk Tojo kom opp på sida av Lille Amare, og farten var høg. Torres var veldig pigg i ledarryggen, og eg rei nesten over tethesten. Det er ganske sjukt å tenka på, sidan me rei så fort som 1.23 første 500 meterane. I nest siste svingen datt Torres litt innover, så han kom borti ein stolpe. Då kom han utav travet, og me mista nokre lengder til dei to foran oss, som hadde sett opp farten til 1.21 første 1000 m. Torres mist litt piffen, men kjempa vidare til me kom inn på oppløpet. Då gjekk det seinare og seinare, og midt på oppløpet var me heilt nede i skritt. Det var ganske flaut, og me seig i mål på 1.33.

Kanskje burde eg tatt opp, og ikkje haldt følge med dei to gode hestane, men samtidig var dette vår sjanse til å vera med. Det kan godt henda me hadde hatt same resultatet, uansett korleis eg hadde ridd. Men det er liten tvil om at han vart trøytt i tempoet i dette løpet, så eg disponerte uansett kreftene hans feil.

Det var uansett ein svært fortjent vinnar i Christina A. Hande og Kvikk Tojo. Den gjekk eit heilt rått løp!

Kommentarer

Populære innlegg