Endelig autostart!

Foto: Arnfinn Roaldsøy
Eg er klar for montéløp med mi eiga hoppe, Vertigo Unique, igjen. Løpet går på Forus søndag 17.juni. Unique var på tur til Jarlsberg på onsdag denne veka. Det vart eit knallhardt løp med passeringer på 1.10/500m, 1.12/1000m og 1.13/1500m. Ho gjekk i andrespor heile løpet, og slo seg på knærne, så det endte med galopp på oppløpet. Så det blir knebelegg framover.

Ho har ikkje vore så god tidligare når ho har starta med kort mellomrom, så eg er litt spent på korleis ho reagerer på to løp på mindre enn ei veke. Det kan godt henda ho skuffar meg igjen, men ho står så fint inne grunnlagsmessig, det er sprint og autostart, så eg kunne ikkje la vera å prøva. Dessuten er det monté, og det er det eg synest er aller kjekkast.

På ein normal dag er ho rask frå start, og likar seg godt på sprint. Ho har galoppert og tulla seg vekk i sine første montéløp, men eg håper ho er meir skjerpa på autostart, og håper å få ho feilfritt rundt. Me har spor langt ute på vingen, men eg håper me klarer få ein fin posisjon. Viss ho taklar dei tette startane, og ikkje galopperer, så meiner eg ho skal vera god nok til å vera langt framme, sjølv om ho har sal på ryggen.

Motstanden:
1. Eck Black Attack: Er ei hoppe eg likar godt. Eg skulle gjerne ridd ho sjølv, men eg kan ikkje ri to. Ho gjekk fint til 4.plass i montédebuten, og har nok fordel av sprint. Er lynrask frå start, og kan få eit fint løp. Eg vert ikkje overraska om ho er høgt oppe på resultatlista.
2. Winner Wang: Kjem ut i monté for første gong. Irmelin kjenner ikkje til hesten frå før, men informerer om at hoppa er startrask og at ho vil utnytta det. Og om ho kjem til tet, vil ho sitja der. Trenaren skriv: Ho fekk ei full treningsøkt under sal på søndag. Var som eg håpa, mykje roligere enn med vogn. Er normalt  travsikker og er ufattelig kjapp fra start. Frå spor 2 på sprint går me for tet frå start til mål. Ho går med aluminiumsko og satsar på at ho kan ei lav 13-tid.
3. Lucky Run: Er ein sprek montéhest. Sprintar fort, og er nesten uslåeleg frå tet. Var ikkje på topp sist, men om ho er tilbake i slag, kan ho vera med i toppen her frå fint spor.
4. Ideal Va Bene: Var veldig dårlig sist han starta, men har vore veldig bra i løpa før det. Er han tilbake på topp, så er han med i sigerskampen igjen.
5. Cox Pomona Grim: Vert stadig betre i monté, og har nok fordel av både sprint og autostart. Kan få ein fin premie med rett løp.
6. Paddington Face: Har vunne to montéløp, og har gått 1.14 på sprint under sal. Det kan halda til siger, om han held seg til rett gangart. Har ikkje vore dårlegare enn femte på åtte montéstartar, og har seks av dei løpa på trippelen.
7. Alo Angel: Er ein flink montéhest. Ho har vore på trippelen alle dei tre løpa ho har gått under sal, og trava 15,9 på mellomdistanse sist. Kan nok senka den tida på ein sprint, og det kan fort vera i dette løpet den første montésigeren kjem.
8. Touch My Shadow: Har gått tre montéløp, og ikkje vore dårlegare enn fjerde. Har fått eitt løp i kroppen etter pause sidan oktober. Er aktuell for ein ny trippelplassering.
10. Sogni: Har gått mange gode montéløp, men har rota seg vekk med galopp i alle sprintløpa ho har vore ute i under sal. Er nok god for å springa fort, om ho kjem seg feilfritt rundt. Står best inne grunnlagsmessig, men står dermed dårligast til spormessig, utan at det pleier bety like mykje i monté.

Startliste:


Kommentarer

Populære innlegg