Operasjon neste for Unique?

Foto: Arnfinn Roaldsøy
Eg rei Vertigo Unique i eit monteløp på Forus søndag 17.juni. Ho løyste fint frå start, men eg tok opp for å komma meg innover i feltet. Midt i første svingen slår ho på ein litt uventa galopp. Hesten på innsida galopperte samtidig, men eg føler ikkje eg kan skulda på det. Ho mista høgre framsko i det eg dreg utover i banen for å ta ho ned i trav igjen. Sidan ho går med både tunge jernsko og sålar framme i monté, vart det litt feil balanse. Eg rei likevel etter feltet, og trudde faktisk eg skulle nærma meg premie då me svinga inn i siste sving. Men ho galopperte ein gong til. Då rei eg berre rolig til mål, i håp om å få godkjent tid for å sleppa prøveløp.

Det er ikkje likte var måten galoppane kom på, og ho fungerte ikkje heilt slik eg hadde rekna med. Med alle dei galoppane ho har hatt i det siste, må det vera noko gale. Me bøyde ho opp etter løpet, og ho var øm i to kodar. Så det kan nok vera med å forklara galoppane. Likevel trur eg at hovudproblemet sit i bakknea. Ho har slitt med dei lenge, utan at me har klart å finna heilt årsaka. No har det komme ein kul på utsida av det høgre bakkneet. Fyrst var den heilt hard, så vart den mjuk og nesten flyttbar. Me har sjekka med erfarne dyrlegar, og den eine dyrlegen hadde vore borti det før. Han var sikker på at dette var brusk som hadde løsna, og dermed flytta på seg. Kanskje er det dette som har plaga ho heile tida? Me får aldri svar på det, men no skal ho røntgast. Så vert det ei vurdering saman med dyrlegen, om det vert operasjon for å få fjerna denne biten. Me vil det beste for ho, så me kryssar fingrane for at det er noko som enkelt let seg reparera.

Kommentarer

Populære innlegg