Shanaia skuffa


Hissig dame. Foto: Ann Nesse
Eg må innrømma at eg vart skuffa over Shanaia sin innsats i løpet i Bergen. Me tok ein ny vri, i håp om å lura ho litt. Så eg varma ho opp på rettbanen, tok så ein runde i banen og rei deretter rett til start. Me hadde sett på litt tyngre bussar, og eg hadde stramma sjekken meir denne gongen. Ho løyste heilt greitt frå start, og eg svinga inn i førstespor. Deretter gjekk ho i rykk og napp heile løpet. Ho svarte alle konkurrentane som passerte, men mista litt interessa når dei passerte. Til slutt var det ikkje så mykje gnist att, og like før mål sette ho på bremsen. Dermed enda me uplassert på tida 19,5. Ho fungerte fint, trava fint og gjekk feilfritt. Men lysten var ikkje til stades, og då var det dessverre ikkje nok til å tjena pengar denne gongen heller. Veldig keisamt, sidan eg synest ho var så fin å ri.

Kommentarer

Populære innlegg