Ny montédebutant under salen

Solberg Jela saman med sin eigar/trenar 21.04.18.
På tysdag er det endeleg klart for finalen av YesBox Stallströs Montéserie på Forus. Det er 20.000 kroner til vinnaren. I tillegg får vinnaren med seg laurbærkrans, flotte gåvepremiar, rosett og dekken. Det er stas å vera med i kampen om dette, og det er fantastiske hestar på startstreken.

Nok ein gong skal eg testa ein ny hest, og heller ikkje denne dama har gått montéløp før. Eg set meg på ryggen til Solberg Jela. Ho har aldri gått hurtigarbeid i banen med sal på ryggen, men ho har blitt ridd litt på heime i trening. Det er sjeldan eitt problem at rutinerte hestar får sal på ryggen, så eg trur ikkje det skal by på problem denne gongen heller.

Solberg Jela er ei jamn og flink hoppe, som stort sett alltid får premie. Ho har starta 103 gongar, og har vore på trippelen i 34 av løpa, i tillegg har ho fått 40 øvrige premiar. Dei to siste åra har ho blitt kåra til Årets flittigaste på Forus, som betyr at ho er den hesten som gjennom året har starta flest gonger på Forus. Det fortel litt om rutinen til dama med nesten 550.000 kroner på konto. Eg kjenner ikkje meir til ho enn det eg har sett av ho i banen, og har fått vita av eigaren, men eg ser fram til å stifta kjennskap til ho. Motstanden er knallhard, så målet må vera feilfritt og ein fin premie i montédebuten. Eg har tru på at det vert eit fantastisk løp, og gler meg til duellen mellom Nyland og Torben. Det står fleire flinke konkurrentar klare til å kniva i toppen, om favorittane mine skulle tulla seg bort på galopp.

Motstanden: 
1. Spik Lotta: Var meldt til eit montéløp i januar, men vart strøket, så ho debuterer under sal her. Står åleine på strek, og står eigentleg ganske fint inne i løpet. Eg har tenkt at denne kunne bli fin i monté, men møter sannsynligvis for gode hestar her. Trenaren seier at ho ikkje har testa ho sjølv, men at hesten vart testa av Renate Aarlie, den førre trenaren. Renate var positiv. Sprint er hestens melodi, og ho var bra sist på Bjerke, trenaren har tru på trippelsjanse.
2. Kap Tilly: Har berre eitt ikkje godkjent montéprøveløp bak seg, og debuterer i monté her. Går jamne, gode løp i sulky, og har flink rytter, men at prøveløpet ikkje vart godkjent gjer meg litt betenkt. Får nok trøbbel med å halda dei beste bak seg her, sjølv om ho har forsprang på dei. Tonje fortel at ho har testa hesten ein gong. Då kjentes hoppa stabil og travsikker ut, men ho var litt lat, men Tonje reknar med ho skjerpar seg til løpet. Ho er masse ridd i trening.
3. Kolnes Tom: Var ute i Klosterskogen Allround, og galopperte seg bort der. Ein flott hest, som sikkert er kapabel til å gå fort under sal. Kan kanskje kjempa om ein trippelplass, utan galopp.
4. Torben: Dette er ein spennande montédebutant! Denne har eg tru på. Han er ein skikkelig vinnarhest, og såg lekker ut i prøveløpet, som han trava på 1.30,4. Hilde rir verkeleg i flyt for tida, og eg vert ikkje overraska om han klarar halda unna og vinna dette løpet. Lise Hjetland rei prøveløpet, og ho seier det var akkurat som å kjøra bil, det er ein god hest under sal og han var stødig og fin. Ho har tru på Torben om han kjem seg kjapt frå start og får teten, men Lise er ikkje sikker på om han klarer halda unna for Nyland. Hilde Rogstad skal ri denne gongen, og ho har testa hesten i hurtigarbeid. Ho fortel at han hadde rulla over fleire gonger då, så ho fryktar galopp. Hadde fungert fint med bussar på. Toppform på hesten, og Hilde meiner drivaksel kjempa om sigeren feilfritt.
5. Super Gullet: Er jamn og flink under sal. Rytteren har godt tak på hesten, og det kan fort gjera at dei er med i trippelkampen igjen.
7. Tomeld Ø.K.: Strøket
8. Nyland: Er ein fantastisk travar! Måten han vann på i sitt første montéløp var imponerande, og sulkyløpet han vann i sin siste start var endå meir imponerande. Dette er ei flygemaskin, som fort rundar alle og tek med nok ein krans heim til eigarane.

Startliste:
Løp: 2  YESBOX MONTÉFINALE  (ca. kl. 18:35)
YESBOX MONTÉFINALE - MONTÉLØP
- SKJØNSMESSIG HANDICAP
For 5-12-årige høyest 1.400.000 kr.
1600 m. Monté. Tillegg 20 m. ved vunnet 310.001 kr., 40 m. ved 475.001 kr., 60 m. ved 850.001 kr.
Premier: 20.000-10.000-7.000-5.000-3.500-(3.000) kr.
Laurbærkrans, seiersdekken og rosett til vinneren. Gavepremie til seirende hests eier, trener, rytter og oppasser. Deltagerpremie til alle startende.
Vinneren er direkte kvalifisert til Rappfots Æresløp i V75 i Bergen 2. juni.
Etteranmeldinger er tillatt.
Kaldblods      Volte V65-2     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
1600 1 Spik Lotta Irmelin Risa 306.180 1.25,8v 1.25,1a
1620 2 Kap Tilly Tonje Gudmestad 402.500 1.23,9v 1.26,1a
1640 3 Kolnes Tom Ida Jansen 676.753 1.24,0v 1.22,7a
1640 4 Torben Hilde Rogstad 509.000 1.23,0v 1.23,6a
1640 5 Super Gullet Lene Rotneim 817.187 1.23,5v 1.25,4a
1640 6 Solberg Jela Charlotte Svendsen 549.500 1.25,1v 1.25,3a
1660 7 Tomeld Ø.K. Brit Lea 1.003.555 1.22,8v 1.22,7a
1660 8 Nyland Lise Hjetland 1.154.000 1.23,5v 1.22,5a

Kommentarer

Populære innlegg