Ny sjanse på Shanaia

Shanaia. Foto: Arnfinn Roaldsøy/www.fotobertil.net
Eg skal til Bergen for å starta med Vertigo Unique førstkomande torsdag, 5. april. Eg vart veldig glad då eg fekk sjå innmeldingslista til montéløpet samme dag. Der var eg meldt på to hestar. Det var heile 13 hestar meldt! Fantastiske tal, med tanke på innmeldingane den siste tida. Dessverre var det berre ni att då startlistene kom. Men eg stod på listene, og har fått ein ny sjanse på ryggen til Shanaia. Det set eg stor pris på!

Det er veldig artig å ri løp, og ekstra morosamt å få sjansen igjen, sidan eg følte ho ikkje fekk vist seg fram sist eg rei ho. Denne gongen får me prøva å unngå trøbbel, slik at ho kjem feilfritt rundt. Eg fekk veldig godt inntrykk av Shanaia sist, sjølv om resultatet vart galopp. Ho kjendes veldig fin ut både i varminga og prøvestarten. Det vart mange omstartar då, og det var sannsynlegvis ingen fordel. Ho har ikkje fått premie dei fem siste startane, så det skal eg prøva å gjera noko med. Målet må sjølvsagt bli å få premie på ho denne gongen.

Eg synest det er vanskeleg å finna vinnaren i dette løpet. Dei to hestane som står med siger i siste starten, og sannsynlegvis har best form, kjem ut i montédebut.

Motstanden:
1. Loving Likeness: Har gått montéprøveløp på 21,4, og avleverer sin montédebut her. Ifølgje eigaren Beate Hauge har han vore travsikker i hurtigarbeid og i prøveløpet. Ho synest det er vanskeleg å plassera han i løpet, som ho meiner er litt tøft grunnlagsmessig. Ut frå sulkyprestasjonane i det siste håper ho på premie.
2. Purple Light: Har ikkje så mykje i grunnlag, men det er treng ikkje bety så mykje i monté. Kjem med sulkysiger i sin siste start, så eg reknar med formen er god. Christina Hande kjem til Bergen for å ri, og det meste ho tek i vert til gull, så eg vert ikkje overraska om ho står att som vinnar igjen. Eigar og trenar Ole Evanger seier at formen verkar bra. Han seier at hesten har blitt testa litt under sal dei siste to vekene, og at det såg så bra ut at han "bestilte" Christina til Bergen. Ambisjonane hans er trippel. Han seier at hoppa er knallhardt ute grunnlagsmessig, så om ho klarer topp tre vert han veldig stolt.
3. Lord Wine: Har strålande form, og fekk ein fortjent siger i sin siste sulkystart. Står fint inne på strek, og med Helene Kolle på ryggen kan han fort leda heile vegen. Dessutan veit kretsen rundt hesten kva som skal til for å få ein fin montéhest, så eg reknar med han er godt førebudd. Eigar Stine-Beate Hjartholm fortel at Linda Elisabeth Larsen har ridd nokre fine jobb med han. Stine-Beate trur han er på trippelen om han held samme stil som med sulky, noko ho har inntrykk av at han gjer.
4. Stone Muscles: Har eitt montéløp bak seg, det resulterte i uplassert på 20,3. Ifølgje medeigaren var han sjuk då. Ifølgje raden ser det ikkje ut som hesten har toppform, og i tillegg havna han akkurat på 20 meter tillegg, så han er nok på premiejakt.
5. Officer Kronos: Har berre gått eitt montéløp i Noreg, og det resulterte i galopp. Synest han er vanskeleg å vurdera, men han går jamne tider i sine feilfrie sulkyløp, så kanskje han kan vera ein trippelkandidat utan galopp.
7. Arctic Tanic: Gjekk prøveløp på 22,0 for eitt år sidan. Kjem frå Odd Storetvedt sin stall, så eg reknar med at Elisabeth har god kontroll på at han eignar seg for monté. Ho sjølv skriv at ho rei eit hurtigarbeid på han førre veke. Då gjekk han åleine, og var han litt lat, men gjekk 1.19 på ein grei måte.

8. Rocky Dun Dee: Fekk 4. plass på 16,4aM i sin montédebut, men enda uplassert på 18,1 i sitt førre montéløp i Bergen. Står fint inne grunnlagsmessig, men 40 meter tillegg er aldri enkelt. Eg trur han får for langt fram.
9. Don Di Quattro: Denne synest eg er spennande i dette løpet, sjølv om han står på 40 meter tillegg. Han har gått eitt montéløp på 16,1, men det var autostart. Han har gått fleire fine løp i Bergen, men har slitt litt med aksjonen. Dersom han fungerer fint, så ser eg ikkje vekk i frå at han kan havna i toppen her.

Startliste:
Løp: 8  HÖÖKS MONTÉLØP  (ca. kl. 21:13)
MONTÉLØP
For 4-12-årige høyest 525.000 kr.
2100 m. Monté. Tillegg 20 m. ved vunnet 175.001 kr., 40 m. ved 300.001 kr.
Premier: 12.000-6.000-4.000-3.000-2.000-(2.000) kr.
Varmblods      Volte V5-5     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2100 1 Loving Likeness Victoria Steine 101.750 1.17,2v 1.15,7a
2100 2 Purple Light Christina A. Hande 83.589 1.17,5v 1.14,3a
2100 3 Lord Wine Helene Kolle 140.362 1.16,4v 1.14,6a
2120 4 Stone Muscles Henriette Steine 179.875 1.17,5v 1.13,4a
2120 5 Officer Kronos Synne Nybø 278.485 1.16,1v 1.12,7a
2120 6 Shanaia Charlotte Svendsen 220.000 1.16,2v 1.14,0a
2120 7 Arctic Tanic Elisabeth Storetvedt 207.000 1.16,6v 1.15,1a
2140 8 Rocky Dun Dee Caroline L.B. Morken 523.894 1.13,8v 1.11,5a
2140 9 Don di Quattro Hege Kristin Høyland 354.157 1.12,4v 1.11,8a

Kommentarer

Populære innlegg