Ny sjanse på Unique

Frå prøveløpet. Foto: Arnfinn Roaldsøy
Debutløpet i mi nye drakt frå Equum.se skal skje på Forus, tysdag 27.februar. Eg sit meg på ryggen til mi eiga hoppe, Vertigo Unique. Då ho var ute i sin montédebut 1.august fungerte ho ikkje som ho skulle, og ho måtte behandlast etter løpet. Sjølv om eg ikkje heilt klarer å tenkja på det løpet, så bør eg vel eigentleg ikkje leggja for stor vekt på akkurat det.

Prøveløpet gjekk ho i juli i fjor. Ho trava 18,8, og gjekk ned mot 1.12 siste 500 metrane. Det einaste problemet då var at ho krangla på sjekken, og eg sleit med å få fart på ho i volten. På grunn av det har ho konkurrert med sjekk i sulkyløpa etterpå. I tillegg bytta me til ein underhakesjekk, i staden for sjekkbitt. Det har ho gått fint med i både volte- og autoløp etterpå, og no er ho meir vane med sjekken. Så eg håpar ikkje det vert eit problem denne gongen.

Ho var litt ukonsentrert undervegs i debutløpet, så planen er å setja på heilstengt denne gongen. Ho starta travløp på tysdag, og då var ho imponerande god til siger! Dessverre har ho ikkje vore god når ho har starta tett tidlegare, så det er mogeleg at dette løpet kjem for tett på. Eit anna minus er sporet. Me trakk spor 1 på volte denne gongen og, men eg håper at det berre var sjekken som var problemet sist. I sulky er ho svært startrask, så eg skal gjera mitt ytterste for å klara å få ein god start. Me har 20 meter forsprang på den største konkurrenten, så me må prøva å utnytta det.

Eg veit eg sit på ein hest som er god nok til å vera med i toppen, og finare montéløp grunnlagsmessig får ho nok aldri igjen, så skal me vinna er det no. Det er vanskeleg å tru på siger, sidan eg ikkje har vunne løp sidan 2011, men eg håper verkeleg eg klarer ri feilfritt og at ho fungerer. I så fall bør me kjempa om trippelplassane.

Motstanden:
1. Don Carlos D.E.: Er ein montédebutant, som eg har litt tru på under sal. Men her kjem han ut etter mange månaders pause, og møter ein del gode hestar. Han har 20 og 40 meters forsprang, så det er ikkje heilt umogeleg at han klarar å halda unna. Trenaren/eigaren meiner han er fin i monté, har gått tre hurtigarbeid under sal der det siste var på 1.19-1.20/2000 m. Ho vil han skal få ein fin opplevelse og komma i mål med full tank. Rytteren meiner han er kapabel for ein trippelplassering. Ho seier han virkar fin under sal, men at han treng litt rutine. Volten kan vera ei utfordring, men trur det er ein fordel å volte åleine.
3. Rimini Lavec: Har gått mange hurtigarbeid under sal, fekk 5. plass i sin montédebut. Eg vil tru det er for hardt i mot her denne gongen.
4. Cox Pomona Grim: Er stadig i framgang under sal. Hadde kanskje hatt fordel av autostart, men er nok på jakt etter ein premie her.
5. Alo Angel: Ein ny montédebutant, som det er vanskeleg å vurdera. Eg har snakka med trenaren, som seier at dei har ambisjonar om å kjempa på trippelen. Kathrine informerte om at hesten er mykje ridd i trening, og at Hilde Rogstad rei hurtigarbeid på banen sist veke, og at det såg ut som hesten likte det godt.
6. Ideal Va Bene: Har gått mange fine montéløp. Stoppa litt til mål sist, og det har han antageligvis ikkje tid til her. Men om Hilde har løyst koden, er han god nok til å kjempa på trippelen igjen.
7. Lucky Princess: Imponerte meg i montédebuten. Dei Lucky-hestane er veldig gode under sal, og Tonje imponerer i banen med både sal og sulky. Vann sulkyløp på tysdag, så formen er nok og god. Har 40 meter tillegg, men det har ikkje stoppa ho tidlegare. Kan fort vera vinnaren igjen.
8. Recommendational: Gjekk 14,7 på distansen under sal i juli i fjor, og går han det her, er han god nok til å vera med i toppen. Dyktig rytter på ryggen, og har fått eit løp i kroppen etter pause sidan november. Kanskje han er ein luring her, sjølv frå dette tillegget.
9. Sonador: Den tredje montédebutanten i løpet. Eg kjenner ikkje til hesten, men har snakka meg rytteren. Ho har hatt hesten i tre veker. Han er mykje ridd i trening, og har gått to gonger i banen med sal. Ho seier han virkar stabil og fin, og skreiv at ho ikkje trur ho slår Unique og Lucky Princess, men at siste trippelplassen er innan rekkevidde.

Startliste:
Løp: 7  MONTÉLØP  (ca. kl. 21:00)
MONTÉLØP - - MONTÉLØP
For 4-12-årige høyest 590.000 kr.
2040 m. Monté. Tillegg 20 m. ved vunnet 175.001 kr., 40 m. ved 380.001 kr.
Premier: 14.000-7.000-5.000-4.000-3.000-(3.000) kr.
Varmblods      Volte V5-4     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Don Carlos D.E. Lise Hjetland 161.540 1.16,5v 1.14,5a
2060 2 Vertigo Unique Charlotte Svendsen 375.500 1.15,6v 1.13,0a
2060 3 Rimini Lavec Brit Lea 175.546 1.16,1v 1.14,5a
2060 4 Cox Pomona Grim Beate Barka 297.485 1.14,2v 1.13,2a
2060 5 Alo Angel Malin Berås 299.000 1.16,2v 1.14,4a
2060 6 Ideal Va Bene Hilde Rogstad 248.000 1.17,0v 1.14,5a
2080 7 Lucky Princess Tonje Gudmestad 513.500 1.15,2v 1.12,9a
2080 8 Recommendational Martine Finsand 452.836 1.14,7v 1.11,9a
2080 9 Sonador Hege Kristin Høyland 432.505 1.15,7v 1.13,8a

Hugs at det er denne drakta du må sjå etter framover:





Kommentarer

Populære innlegg