Ny drakt!

Endeleg har eg fått drakta mi! Eg er så heldig at eg har fått Equum.se som sponsor. Dei har produsert drakta mi, og den er berre aldeles nydeleg! Eg har teikna den sjølv, og synest den er veldig fin. Etter eg bytta fargar på løpsutstyret til kongeblå, sølv og svart, har eg ønska meg ei matchande drakt. Og det ønsket har Equum hjelpt meg å oppfylla. Eg håpar dette er ei lukkedrakt, og gler meg til å bruka den.

Equum har laga både jakka og montébuksa. Dei lagar klede akkurat slik du ønskjer dei, etter dine eigne mål. Montéjakka har mange praktiske detaljar, som eg ikkje visste var nødvendig før eg fekk denne. Det skal eg skrive eitt eige innlegg om. Legg ved nokre bilete, slik at de veit kva de skal sjå etter neste gong de skal kjenna meg att i banen.





Kommentarer

Populære innlegg