4.plass til Eck Black Attack

Eg fekk sitja på med Hilde Rogstad til Bergen, så me storkosa oss på tur. Snakka litt med trenaren til Eck Black Attack før løpa byrja, og måtte stilla opp på førehandsintervju med Riktsoto Direkte. Eg varma Eck tre rundar på indrebane, og rei ein i banen. Sette litt fart rundt ein sving og eit oppløp. Ho tok eit juksesteg midt i svingen, men tok imot hjelp, så då rekna eg med det skulle gå fint. Eg var litt spent på korleis ho skulle løysa bak bilen.

Då me rei opp til startbilen sette ho fart, så eg måtte bråstoppa ho. Då gjekk ho i ein merkelig pass/galopp-gangart, men eg prøvde å ha kontakt med ho, for eg rekna med ho skulle ta travet i det bilen auka farten. Heldigvis gjorde ho det. Og for ein start me fekk! Ho løyste som ei kule, og haldt teten enkelt. Då eg kom bort til seremoniplass viste klokka mi 1.07-fart. Eg dempa så fort eg kunne, og rei 1.15 første 500 meterane. Eg prøvde å dempa endå meir, men då favoritten A.D. Sleipner nærma seg i andresporet ein god runde frå mål, starta ho opp att av seg sjølv. Det var nok ikkje gunstig med denne innlagte speeden, men han kom aldri opp på sida, så då fekk eg ikkje sleppt teten heller. Ut på siste bortre langsida merka eg at ho mista litt av spensten, så eg drog hetta idet favoritten kom opp på sida av oss. Me klarte ikkje følgja han.

Endå to hestar passerte oss. Det vart veldig trangt i siste svingen, og me rei legg mot legg eit stykke. Det hadde nok uansett ingenting med utfallet å gjera. Eck vart litt stum i steget til slutt, men ho haldt inn til 4. plass på 1.18,0. Eg synest det var ein flott prestasjon i montédebuten, spesielt med tanke på at ho ikkje har så mange løp i kroppen etter skadeavbrekket.

Eg er òg nøgd med at eg klatrar rett veg på resultatlista. 5. plass sist, og 4. plass denne gongen. Då er det vel duka for ein trippelplass i min neste start.

Elin Helland/Elins Travbilder tok nokre bilete av oss:



Kommentarer

Populære innlegg