Denne har eg venta på!

Bilete frå prøveløpet. Foto: Arnfinn Roaldsøy/fotobertil.net
Endeleg skal eg få ri Eck Black Attack igjen! Denne har eg venta lenge på. Eck er ei stor, flott dame, med eit godt trav og fin innstilling. Ho gjer det godt i travløp, og har gått mange gode løp. Eg fekk ri prøveløp på ho 1. juni i fjor, men på hausten fekk ho ein liten skade. No har ho fått to løp i kroppen etter skadeavbrekket, så kretsen rundt ho reknar med at formen er på veg oppover. Ho gjekk iallfall veldig fint til 2. plass i sitt siste løp.

I prøveløpet rei eg berre 21,6, men ho er ei voltekløne og var ikkje enkel å få fart på med sjekk i volten. Eg hugsar ikkje heilt kor seint første 500 meterane gjekk i prøveløpet, men eg meiner det var over 1.30. Ho avslutta fort i prøveløpet, og eg er sikker på ho skal kunna ein del i monté. A.D. Sleipner imponerte meg i hans montédebut. Paddington Face og Ideal Va Bene har òg fine montéprestasjonar å visa til. Sjølv om det er gode hestar i feltet, og ho har ein del mindre i grunnlag, seier magefølelsen min at me skal vera med å kjempa i toppen likevel.

Motstanden:
2. Ina's Ballerina: Gjekk 21,4 i montédebuten. Har gått gode travløp, men er ikkje meir enn ein premiekandidat her.
3. Springlove: Montédebuterer. Blei diska for galopp då ho prøvde seg i montéprøveløp. Eg har snakka med Elisabeth, og ho forklarte prøveløpsgaloppen med at hesten mista sko. Elisabeth hadde testa ho på lørdag, og då virka ho stabil og fin. Likevel trudde ho ikkje at dei kunne vinna, men ho var veldig fornøyd med ein plass blant topp fire.
4. A.D. Sleipner: Vann lett på 17,8 i sin montédebut over langdistanse, så han kan nok fortare enn det òg. Virka veldig stabil under sal, og kjemper om sigeren igjen her.
5. Ideal Va Bene: Har gått fleire gode montéløp for Hilde, men galopperte seg vekk sist. Om  han går som han har gjort, kan han blanda seg i trippelkampen igjen.
6. Paddington Face: Har vunne to montéløp, og vore på trippelen i endå fleire av løpa. Er jamn og flink, sjølv om han kan detta litt utav travet. Er god nok til å kjempa i toppen her.
7. Cox Pomona Grim: Montédebuterte med sjetteplass. Har klar fordel av autostart i monté, og byrjar nok å forstå meir av kva det går ut på no. Eg trur kanskje motstandarane vert for gode her, men ein premie kan ho få med seg.
8. Diego Kievitshof: Er jamn og flink, og har nesten ikkje vore utanfor premierekka i monté. Eg synest ikkje det sprudla av han i hans siste løp, så kanskje formen ikkje er på topp. På kapasitet er han god nok, men utfrå løpet sist vil eg tru han jaktar ein premie her.

Startliste:
Løp: 7  MONTÉLØP - SPORTRAPP / GRUNNLAG  (ca. kl. 21:00)
SPORTRAPP / GRUNNLAG - MONTÉLØP
For 4-12-årige høyest 350.000 kr.
2100 m. Monté. Autostart. Maks 10 startende.
Premier: 16.000-8.000-5.000-4.000-3.000-(3.000) kr.
Hestene starter i grunnlagsrekkefølge. Laveste grunnlag i spor 1, videre fordeling: 2,3,4,5,6,7,8,9,10. Sportildeling etter starterklæring.
Varmblods      Auto V5-4     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2100 1 Eck Black Attack Charlotte Svendsen 141.500 1.17,6v 1.13,8a
2100 2 Ina's Ballerina Henriette Steine 148.500 1.16,2v 1.15,5a
2100 3 Springlove Elisabeth Storetvedt 158.000 1.16,5v 1.15,1a
2100 4 A.D. Sleipner Synne Nybø 187.944 1.17,1v 1.14,7a
2100 5 Ideal Va Bene Hilde Rogstad 243.000 1.17,0v 1.14,5a
2100 6 Paddington Face Caroline L.B. Morken 283.924 1.14,9v 1.14,3a
2100 7 Cox Pomona Grim Beate Barka 294.485 1.14,2v 1.13,2a
2100 8 Diego Kievitshof Hege Kristin Høyland 322.847 1.16,6v 1.14,8a

Kommentarer

Populære innlegg