5.plass til Prins

FSå har eg avlagt min årsdebut. Akkurat no sit eg på Tenerife, og nyt late, varme dagar. Ein ferie for å samla energi og krefter til det nye året. Så er eg klar for å ta fatt på nye oppgåver så fort eg kjem attende til Noreg. 

Som eg skreiv på forhånd, så er Prins ein som bestemmer sjølv korleis det går. På førehand vart eg og Kjell einige om at det var ein fordel å utnytta starten, spesielt dersom dei andre rota seg bort. Så eg prøvde å treffa starten, og det må eg seia meg nøgd med å klara. Me var raskt oppe som andrehest, og var framme til leiaren i første sving. Eg rei til tet på første langside, og lot Prins bestemma sjølv kva fart han ville gå i. Han klyppte i øyrene og koste seg. Nyland kom i angrep ein runde frå mål, og me svara han opp ei stund. Då Nyland passerte, og både ein og to hestar tok oss att, kjente eg at Prins mista motivasjonen meir og meir. Likevel var me så langt foran dei andre, at eg håpte å vera blant dei fire første likevel då Rødmyrsfakså galopperte. Men det hadde ikkje Prins tenkt. Han satte på bremsen, slik berre Prins kan, og skritta så vidt over målstreken. Så då tok Tomeld Ø.K. oss igjen og, dermed vart det 5.plass og 3500kr på kontoen til Prins.

Eg klarte óg å pådra meg bot på 800 kroner for å ha skifta spor på oppløpet. Det er ganske flaut! Prins går alltid litt utover, så han må ha gjort det denne gongen óg, utan at eg tenkte over det. Då han parkerte, og Tomeld Ø.K. tok oss att, hadde han plass til å passera på innsida. Så det er berre å betala bota, og bretta opp armane for å unngå slike feil neste gong! 

Prins fekk ein sjekk hos dyrlegen dagen etter, sidan han har stoppa i to løp på rad. Det viste seg at han var veldig øm i eit kne, så han vart behandla for det. Etter løpet var me litt bekymra for at han var lei, men han er heldigvis smart nok til å ikkje ta seg heilt ut når kroppen ikkje fungerer som den skal. 

Det er uansett alltid ein ære å setja seg på ryggen til den hedershesten. Det er ikkje mange kaldblodsar som går monté utan sjekk. Håper å få sjå han tilbake i toppslag om ei stund.



Foto: Arnfinn Roaldsøy/fotobertil.net

Kommentarer

Populære innlegg