Årsdebut på ein Prins

Foto: Arnfinn Roaldsøy
Så var det klart for nytt år og nye sjansar. Eg har heilt klart mål om å vera mykje betre i år, enn i fjor. Det må visa igjen på resultatane, og det skal eg jobba hardt for å klara. Det blir deilig å komma i gang med sesongen allereie i januar.

Nok ein gong får eg sjansen på ryggen til Vertigo Prins. Han har ikkje vore ute i monté sidan juni i fjor, men eg trur ikkje det er noko stort minus. Sist han starta sulkyløp, var Kjell veldig nøgd med han i forkant, og hadde forhåpningar om topplassering. Prins er ein humørhest, og etter mangfoldige omstartar, var han ikkje så interessert i det lenger. Så den innsatsen kan ein nok sjå vekk ifrå.

Denne gongen synest eg han står finare til enn han pleier i montéløpa, sidan han står likt med Tomeld Ø.K. Det er fleire fine montéhestar i feltet, og Prins bestemmer sjølv kva dag han har. Om eg får bestemma, blir han varma med vogn. Det gjorde me på Klosterskogen, då han starta Klosterskogen Allround, og då var han veldig pigg og fin i montéløpet. Eg håper han har ein god dag og går på sitt beste, og håpar på ein trippelplassering, sjølv om motstanden er veldig god.

Motstanden:
1: Satina Ø.K.: Har aldri starta monté før, og ho galopperer veldig mykje i sulkyløp. Står åleine på strek, men eg tvilar på at det er nok i dette laget.
2: Rødmyrsfakså: Ein svært spennande montédebutant. Denne hoppa har eg tru på under sal. Ifølgje stalljenta har dei òg tru på ho. Ho er ei hissig dame, men ho har 20 meter forsprang på fleire av konkurrentane, og kan fort vinna i sin travrittdebut.
3: Bacchus Ø.K.: Er jamn og flink i monté, på sju montéstartar har han fire trippelplasseringar, derav to sigrar. Han vann sist han starta under sal, då stod han likt med Tomeld Ø.K., no står han 20 meter foran. Med tilsvarande innsats som sist, er han med i toppen.
4: Nyland: Er ein hest eg likar veldig godt. Han har ein fantastisk teknikk, og er ein fryd å sjå på. Så det må verkeleg vera ein draum å sitja oppå han. I fjor gjekk han montéprøveløp på 32,3, men eg reknar med han kan betre enn det. Eg er veldig spent på å sjå han i hans montédebut, og eg vert ikkje overraska om han er med i toppen direkte.
5: Tomeld Ø.K.: Ein fantastisk montéhest! Tulla seg vekk med galopp i løpet på Sørlandet, men var tilbake som vinnar sist han gjekk under sal i Bergen. På 9 montéløp har han vunne seks og vore blant dei to beste i åtte av løpa. Han kjemper om seieren denne gongen òg, så lenge han ikkje tullar seg vekk igjen.

Startliste:
Løp: 8  DEKKSTRA OPEN - MONTÉLØP  (ca. kl. 21:13)
MONTÉLØP - - MONTÉLØP
For alle 5-15-årige.
2040 m. Monté. Tillegg 20 m. ved vunnet 400.001 kr., 40 m. ved 800.001 kr., 60 m. ved 1.800.001 kr.
Premier: 20.000-10.000-7.000-5.000-3.500-(3.000) kr.
Løpet inngår i YesBox Stallströs montéserie for kaldblods. Vinneren er kvalifisert til finalen våren 2018, uten startplikt.
Kaldblods      Volte V5-5     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Satina Ø.K. Tonje Gudmestad 53.000 1.31,2v 1.31,2a
2060 2 Rødmyrsfakså Marie Øvestad 660.000 1.24,5v 1.23,4a
2060 3 Bacchus Ø.K. Hilde Rogstad 747.500 1.24,3v 1.25,0a
2080 4 Nyland Lise Hjetland 950.000 1.23,5v 1.22,5a
2080 5 Tomeld Ø.K. Brit Lea 900.555 1.22,8v 1.22,7a
2080 6 Vertigo Prins Charlotte Svendsen 1.653.772 1.22,7v 1.22,5a 

Kommentarer

Populære innlegg