YesBox Stallströs Montéserie for kaldblodshester



Som dei fleste veit, er eg brennande oppteken av montésporten. Eg har hatt lyst å få gang på kaldblodsmontéen lenge no. Dermed har eg teke initiativ til å få i gang ein serie med løp for kaldblodshestar i monté. Med støtte frå administrasjonen på Forus, Sørlandet og i Bergen tok eg fatt på oppgåva. No er sponsoren klar. YesBox Stallstrø sponsar serien. Dei sørger for at vinnaren av finalen får sigersdekken, gåvepremiar og laurbærkrans. I tillegg får vinnaren Forus Travbanes Montégruppes seiersrosett.

Kvalifiseringane til YesBox Stallströs Montéserie blir kjørt på Forus, Bergen og Sørlandet. Alle kvalifiseringsvinnarane er direkte kvalifisert til finalen på Forus våren 2018, utan startplikt. Førstepremien i finalen blir bestemt av antall startande hestar etter denne malen: 20.000 kr ved inntil 10 hestar, 24.000 kr ved 11-14 hestar og 30.000 kr ved 15 hestar. Det vert, som nemnt, flotte gåvepremiar, sigersdekken, rosett og laurbærkrans til finalevinneren.

Finalevinneren er direkte kvalifisert til 2018-utgaven av Rappfots Æresløp i Bergen. 

Eg synest det er veldig artig at me har fått til ein slik serie. Det er ikkje mange montéløpa her i Noreg der det er mogeleg å vinna laurbærkrans, så eg håpar verkeleg hesteeigarane og -trenarane har lyst å vera med å kjempa om denne kransen i finalen. Mi oppfordring til alle hesteeigarar er å godkjenna kaldblodstravaren for monté, slik at du er eitt steg nærare å vera med i kampen om kransen.

Vil du sjå kva YesBox tilbyr? Då kan du klikka deg inn på heimesida deira. 


Kommentarer

Populære innlegg