Ein godkjent og ein i galopp

Foto: Geir Astrup Pollestad
1. august var eg først ute i prøveløp med Grandes Look. Han var ikkje heilt i balanse og mista bussen i det første prøveløpet eg rei han, så denne gongen hadde Ida Beate tatt på han endå meir vekt framme. Eg merka godt i varminga at det fungerte mykje betre. Han trava fint denne gongen, og bussane var på gjennom heile varminga. Han skulle starta i Bergen torsdag 3. august, så målet var å få godkjent prøveløp, men å ri så seint som mogeleg innanfor kravet. Dermed putla me oss avgårde og han gjorde det han skulle på 21,2.

Seinare på dagen rei eg min eigen Vertigo Unique i eit montéløp. Ho var veldig fin i varminga, så då var eg sikker på at løpet skulle gå bra og at me skulle kjempa om sigeren. Denne gongen gjekk ho betre på fram i volten, men ho var fortsatt litt vanskelig, så me fekk ingen perfekt start. Likevel var me med å rei om teten direkte. Det vart trangt mellom hestar nedover startsida, og det enda med galopp. Ho fungerte ikkje som best etter galoppen, og galopperte endå ein gong. Etter den andre galoppen gjekk ho ein fin sisterunde, men då var det for seint.

Sjølv om det var veldig mange fotografar på Forus denne kvelden, så har eg ikkje lukkast i å finna bilete av Unique. Så då får det bli to av Grandes Look heller.

Foto: Arnfinn Roaldsøy

Kommentarer

Populære innlegg