Grandes Look i debut

På lørdag skal eg ri på Sørlandet igjen. Eg set på ryggen til Grandes Look, i hans montedebut. Det er eit løp under 410.000 kr i grunnlag, med spor etter grunnlag. Med minst pengar på konto, betyr det at me startar frå spor 1 bak bilen. Sidan det er autostart må han gå med sjekk, eg trur ikkje det er noko minus, sjølv om han gjekk utan i prøveløpet. Look er ein typisk tetløpar, og han er veldig startrask. Eg veit ikkje kor masse han har inne under sal, men han var ikkje hurigridd før prøveløpet. Det vil seia at han no har to montehurtigarbeid i kroppen, noko som sannsynlegvis gjer at han forstår meir av kva han skal. Det er litt passgang i han, men eg håper han skal gå i trav heile løpet med rett balanse. Eg er litt spent på å sjå om han likar seg i monte, og om han skjerpar seg når han forstår det er løp. Sjølv om det er eit lite felt, er det fleire fine montehestar som kan vinna dette løpet, så me får gjera så godt me kan og ta med oss det me får.

Motstanden:
2. Candy King: Er veldig flink under sal, og vert veldig spennande å sjå med ny rytter. I rett gangart kan han fort vera på trippelen igjen. 
3. Lucky Run: Er rask frå start, og er nesten uslåelig frå tet, så me må svara ho ut for å slå ho. Skuffa kanskje litt sist ho starta, men med auto kan ho nå tet igjen, og då er ho kanskje tilbake på vinnarsporet.
4. Juliano's Pride: Har tulla seg vekk med galopp dei siste to løpa, men er ein flink montehest. Går han feilfritt, er han med i toppen igjen. 
5. Touch My Shadow: Har gått tre gonger under sal, utan å vera dårlegare enn fjerde. Han har gått 1.16-tid kvar gong, og er jamn og flink. Eg har hatt tru på han i monte heile tida, men det er kanskje tøft å vinna her. Er likevel kapabel til å kjempa om ny trippelplass.
6. Sogni: Har vunne fleire monteløp, og har trava 1.14-tid på distansen fleire gonger i monte. Gjekk ny rekord sist ho starta sulkyløp, så formen er nok god. Også dette er ein hest som kjemper om sigeren.


Foto: Geir Astrup Pollestad


Foto: Kristin Stokkedal

Kommentarer

Populære innlegg