Startar året som i fjor

I år, som i fjor, startar eg løpssesongen min med montéprøveløp. Denne gongen skal eg ri Lindy Match. Det er ei hoppe eg har litt forventingar til, sjølv om ho ikkje heilt har innfridd så langt. Eg rei ho på ei lokalkjøring i september. Då var ho veldig ukonsentrert og litt barnslig, så eg håpar ho er litt meir skjerpa no. Uansett bør ho gå fint under kravet, slik at ho vert godkjent. Det skal verta deilig å endeleg få ri i banen igjen. Det har eg faktisk ikkje gjort sidan slutten av oktober! Eg har faktisk ikkje ridd montéløp på Forus sidan august, så eg håpar det vert litt lettare å få hestar i løpa i år.

Startliste:
Løp: 21  #Monté #Prøveløp  (ca. kl. 17:50)
Monté Prøveløp
Alle.
2040 m. Monté Voltestart.
ALLE      Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Queen Of Hill Hilde Rogstad 138.000 1.16,8v 1.15,4a
2040 2 Reventon Brit Lea 79.500 1.18,8v 1.17,1a
2040 3 Lindy Match Charlotte Steine 99.000 1.17,8v 1.15,6a

Eit bilete Rune Eikeland tok av oss på lokalkjøringa:

Kommentarer

Populære innlegg