Oppsummering av 2013

Det har blitt lite tid til blogging i det siste, så dette får bli både oppsummering og referat.

Det nest siste løpet eg kjørte var med Petra K. Då gjekk det veldig fort heile vegen, og 2040 meter er ikkje hennar distanse. Sjølv om ho fekk fint løp undervegs var det ikkje så mykje å gå på til slutt, så det enda uplassert. Ho hosta etter løpet og vart behandla.

Madla Tor var det siste oppsittet eg hadde i 2013. Det var det siste finaleløpet i Rekruttserien, og eg måtte gjera det godt for å klara å kjempa om ein trippelplass samanlagt. Fyrst fekk me ein stopp på startsida, slik at farten vart øydelagt. I fyrste svingen haldt konkurrenten framføre oss på å kjøra inn eit spor, slik at eg vart sitjande i andre utvendig. Alt var i ferd med å verta riktig, men så svinga han ut att og eg vart sitjande bak ein som ikkje gjekk på fram i andrespor. Eg burde nok berre ha svinga inn i førstespor, slik eg plar gjera, men valgte å verta sitjande i andrespor. Sidan han ikkje hadde gått hurtigarbeid, og hadde hatt lang pause ville eg ikkje kjøra fram i dødens. Eg angreip i tredjespor i nest siste sving og me fekk fin fart ned siste bortre langsida, men så var det ikkje meir å henta. Dermed enda dette uplassert og.

Oppsummering av året
Dette har vore ein av dei skralaste sesongane mine i karrieren. På 21 startar har eg berre kjørt/ridd inn 29.000 kroner. Eg har to tredjeplassar og seks øvrige plasseringar. Det er heilt skremmande dårleg. 12 av løpa køyrde/rei eg med stallhestar, så dei dårlege resultata har heldigvis ikkje gått ut over så mange andre. I åra tidlegare har eg fått sjansen på mange andre hestar, men det stagga litt opp i fjor.

Eg rei fire montéprøveløp i fjor, og tre vart godkjende. Med ellers svake resultat å visa til, vart det naturleg nok færre sjansar, færre oppsitt og færre gode plasseringar. Så 2014 kan kun verta betre. Kurset med Sofia Aronsson i juni gav meg ein ekstra push, så etter å ha øvd litt har eg no ridd fleire hestar med to sett tøylar. Og eg føler heile tida det er framgang. Dette året har eg bestemt meg for å trena meir og verkeleg prøva å koma meg opp igjen både fysisk og psykisk. Eg håpar eg kan vera heldig å få sjansen på ein hest som kan gjera det greitt, det er nok det eg treng. Denne sporten går i bølgjedalar. Og etter fine sesongar i 2010 og 2011, har nedturen berre blitt større i 2012 og 2013.

Målet for 2014 er å vinna løp både i salen og i sulkyen. Det er viktig å ha mål å strekkja seg etter, så eg skal gjera mitt beste for å oppnå det.

Har du ein hest du har lyst å prøva i monté? Eg stiller gjerne opp for å testa, både i hurtigarbeid og løp. Det er berre å ta kontakt.

Så kryssar eg alt eg kan for at 2014 vert eit betre travår for meg. Eg ynskjer alle mine lesarar og travvener eit godt travår!

Biletet er av Pay Back Money som eg har tatt dei beste plasseringane med i 2013:

Kommentarer

Populære innlegg