Lindy klar for Match
Montéprøveløpet eg rei på Lindy Match i går vart godkjent, så no er ho klar for montéløp. I varminga tulla ho litt, akkurat som føre lokalkjøringa. Eg forstod ikkje heilt kvifor, men ho galopperte ein del og ville ikkje leggja seg til i trav. Me prøvde ho utan sjekk, og med kryssgapegrime. Me gjorde litt utstyrsendringar etter varminga. Blant anna la me på bussar framme.
Då eg tok ein prøvestart før prøveløpet, var ho mykje betre. Me hadde andrespor i volten, og fekk ein fin start. Den andre tok det roleg frå start, så då vart det tet på oss. Eg hadde håpa den andre hesten hadde kome opp til oss, slik at eg kunne ri i rygg, men det gjorde den ikkje. Dermed gjekk ho i tet heile vegen. Fyrste 500 meterane gjekk etter 1.24,1. Første 1000 meter etter 1.21,9, første 1450 meterane etter 1.21,3 og til slutt kom me i mål på 1.21.0. Det var eg nøgd med.
Då me kom inn i stallen etterpå oppdaga me at ho hadde rive av seg ein framsko. Med tanke på at ho hadde både sko og såle på den andre framfoten, så får me vera nøgde med at ho haldt seg til rett gangart. Eg håpar det snart kjem eit løp ho kan vera med i.
Dette biletet tok Rune Eikeland, RM Foto, av oss:

Kommentarer
Legg inn en kommentar