Gjesteoppsitt i mitt løp nummer 100

Eg har ridd 99 løp, så det betyr at eg har eit slags jubileum i min neste start. Det vert på Sørlandets travpark på søndag. Då har eg fått eit gjesteoppsitt på Findal Kongen. Han har berre eit prøveløp bak seg. Då gjekk han 36,2 med Silje Hogner på ryggen med galopp. Det er ikkje så lett å lesa så mykje ut i frå det. Grunnlagsmessig står han greit inne med sine 161.000 kroner og står på strek. Me får prøva å ri feilfritt og så prøva på ein premie.

Motstanden:
Samina Ø.K. har vunne dei to siste montéløpa ho har starta. Var god i sin siste start då ho vann Rappfots Æresløp. Kan vinna igjen. Har fordel av å stå på strek, treff dei starten kan dei fort leda heile vegen. Ho tåler å gjera ein del jobb sjølv og har nok ein god sjanse her. Pål Stjernen har god form, men har aldri gått monté. Monica Refsland godkjente han og tek turen til Sørlandet, så eg reknar med dei reiser med ambisjonar. Sibbe har vore god i dei to montéløpa han har gått og skal reknast i toppen igjen. Eld Lynet går gode og jamne montéløp og med fin reise kan han fort vera langt framme. Tidemand Pål har berre prøveløp bak seg under sal, men gjekk på 31,9 der så han er nok god og kan blanda seg i toppen direkte. Stranda Gutten har overraska før, så om han får reisa han skal ha så kan han viss han vil. Havtroll har galoppert mykje og er vel premiekandidat frå 40 meter tillegg. Skuggfaks er variabel i prestasjonane og kjempar nok om premie her. Lome Sjefen har berre eitt montéløp bak seg og det endte i galopp, men han gjekk prøveløp på 31,7 og har nok litt inne. Ra Sokken har galoppert mykje, men går gode løp når han held seg i rett gangart. Ranlem Tor har veldig variable prestasjonar bak seg i monté og jaktar nok ein premie her.



Løp: 2  Montéløp   (ca. kl. 18:00)
Montéløp
Kaldblods. 5-15-årige høyest 500.000 kr.
2140 m. Tillegg 20 m ved vunnet 170.000 kr., 40 m ved 350.000 kr.
Premier: 12.000-6.000-4.000-3.000-2.000-(2.000) kr.
Kaldblods N/SV      Volte V5-1     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2140 1 Ranlem Tor Annette Tjelland 156.700 1.29,4v 1.26,7a
2140 2 Findal Kongen Charlotte Steine 161.000 1.30,0v 1.27,9a
2140 3 Ra Sokken Elsie Hafskjold 82.000 1.30,4v 1.31,5a
2140 4 Samina Ø.K. Ronja Good Djøseland 128.500 1.28,4v 1.30,9a
2160 5 Pål Stjernen Monica Refsland 337.500 1.26,7v 1.25,5a
2160 6 Tidemand Pål Malin Berås 189.000 1.30,0v 1.25,1a
2160 7 Sibbe Kristine Kvasnes 258.450 1.27,9v 1.28,2a
2160 8 Lome Sjefen Lene Vehusheia Rørvik 336.000 1.26,7v 1.25,3a
2160 9 Skuggfaks Wenche Hansen 305.700 1.29,1v 1.26,0a
2180 10 Eld Lynet Silje Hogner 476.691 1.26,0v 1.24,5a
2180 11 Havtroll Nina Therese Lervik 354.900 1.26,6v 1.28,5a
2180 12 Stranda Gutten Lene Nilsen 351.700 1.27,7v 1.26,0a


Biletet er henta frå hesteguiden.com.

Kommentarer

Populære innlegg