Misty Valley N. i mitt 100. løp

Sidan Findal Kongen vart strøket på Sørlandet, skal eg ri for pappen i mitt løp nummer 100. Eg har ikkje ridd løp sidan eg rei C.C. Lina på Sørlandet på bursdagen min 20. august, så det er på tide å koma i gang att. Misty har gått tre montéløp, systera mi, Victoria, har ridd ho. Det har resultert i ein 3. plass, ein 2. plass og eitt brutt løp. Det siste løpet ho gjekk var det ein lyd som gjorde at Victoria tok opp i fyrste svingen og då galopperte ho, dermed braut dei løpet. Kor mykje ho kan veit eg ikkje, for eg har berre ridd ho ein gong heime i trening. Eg håper ho går eit fint løp og kan kjempa om ein premie her. Det er lenge sidan eg har ridd for pappen, så eg følte det var på tide å gjera det igjen, sjølv om eg fekk tilbod om å ri både Cafu Cafe og Nordstjernen D.K.

Motstanden:
1. Mustang Elegance: Har gått nokre gode løp, men eg trur han satsar på premie her.
2. Max Stensbæk: Leverte eit fint montéløp sist og står greit inne her. Kan vera på trippelen.
3. Sandy Boy: Har hatt pause, men har fått eit løp i kroppen. Er god om han er tilbake i slag.
5. Nordstjernen D.K.: Vann etter fin reise sist. Får han eit fint løp igjen er han god nok til å gå til topps.
6. Moon Ulvholm: Kjemper om premie her.
7. Hangman: Kjemper om premie.
8. Knödden Aubiose: Har prøvd seg i to montéløp etter han kom til Noreg, og det har enda med fall for rytteren. Om alle gode ting er tre, kan dei kjempa langt framme.
9. Silverboy M.C.: Er ein god hest. Var vanskelig i volten sist Eva rei, men hesten er bra nok.
10. Moreno: Har møtt hard motstand. God hest og god rytter. Kan fort gå seirande frå dette løpet.
11. Manstrong: Var betre i sitt siste montéløp, men hadde nokre svake prestasjonar før det. Om han oppfører seg i volten og dei ikkje tapar for mykje kan han kjempa om ein trippelplass.
12. Glide: Er ein god montéhest og har god rytter. Står fint inne her og kjempar i toppen.


Løp: 4  Montéløp   (ca. kl. 19:20)
Montéløp
Varmblods. 4-12-årige høyest 1.000.000 kr.
2100 m. Tillegg 20 m ved vunnet 200.000 kr., 40 m ved 600.000 kr.
Premier: 12.000-6.000-4.000-3.000-2.000-(2.000) kr.
Varmblods      Volte V5-3     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2100 1 Mustang Elegance Renate Aarlie 150.913 1.15,9v 1.15,3a
2100 2 Max Stensbæk Linn Hernar Helgeland 180.913 1.16,0v 1.15,3a
2100 3 Sandy Boy Lene Rotneim 183.100 1.17,2v 1.16,4a
2100 4 Misty Valley N. Charlotte Steine 170.000 1.16,4v 1.15,8a
2100 5 Nordstjernen D.K. Stine-Beate Hjartholm 165.203 1.18,2v 1.15,4a
2100 6 Moon Ulvholm Christine Pedersen 160.424 1.18,1v 1.15,6a
2120 7 Hangman Iselin Teigen 253.419 1.16,4v 1.14,8a
2120 8 Knödden Aubiose Caroline L.B. Morken 380.136 1.15,0v 1.12,9a
2120 9 Silverboy M.C. Eva Hellem 504.500 1.16,7v 1.13,6a
2120 10 Moreno Lise Hjetland 376.384 1.15,8v 1.13,6a
2120 11 Manstrong Jeanett D. Knappskog 393.000 1.15,9v 1.14,1a
2120 12 Glide Kristine Kvasnes 300.500 1.16,5v 1.15,6a

Kommentarer

Populære innlegg