Lina var vrang

20. august rei eg C.C. Lina i eit autoløp på Sørlandet. I varminga oppførte ho seg ikkje i heile tatt. Ho berre galopperte, gjekk i passgang, tulla, nekta å ta trav og når ho fyrst trava stakk ho. Varminga var skikkelig dårleg, så eg såg mørkt på løpet. Etter defileringa skulle eg snu opp for å ta prøvestart. Då skjente ho mot gjerdet, og reiste seg på to så me nesten vippa over gjerdet. Eg vart skeptisk då eg såg gjerdet nærma seg med stormskritt. Heldigvis landa me på rett side att. Eg torde ikkje snu opp til ny prøvestart med ein gong, så eg rei bortover før eg snudde og rei tilbake. Då me prøvde på nytt tok ho travet og gjekk ei fin langside, men midt i svingen galopperte ho.

Heldigvis var det autostart, slik at eg kunne sleppa ho opp til vingen og håpa at ho løyste i trav og ikkje passgang eller galopp. Då bilen slapp trava ho, og ho løyste godt. Det gjorde og hesten på innsida, men midt i første svingen galopperte ho. På same plassen som ho hadde gjort i prøvestarten. Då var løpet over for vår del og ho vart diskvalifisert. Eg rei ein runde for at ho ikkje skulle få koma inn att med ein gong, og då fungerte ho fint. Det var veldig irriterande. Ho var veldig brunstig denne dagen, så Kari Anne meinte at det kanskje kunne vera forklaringa på den fæle oppførselen hennar.

Kommentarer

Populære innlegg