Mislukka forsøk med Rigelstein

Me prøvde på nytt med Rigelstein på Forus i går. I varminga fungerte han ikkje heilt, men han gjekk greit då eg sette fart på han. Denne gongen hadde me tatt på både sprutmaske, jordblendar og hette med både gummi og proppar i.

Det vart mykje tull i starten, og mange omstartar. Den som stod på tillegget med oss, var dum i volten, så me fekk ein dårleg start då me måtte unngå den. Eg fekk fart på han etter nokre meter, men då hadde Spang Hyper teten. Eg hadde bestemt meg for å ri i tet, så eg lot han berre gå. Då galopperte Spang Hyper på innsida, eg klarte ikkje å ta opp og sleppa han ut, men kom forbi og til tet ut av første svingen. Første 500 åpna me på 1.32. Han trøbla litt med travet. Vangen Glunten kom fram i dødens og la press på oss direkte. Eg bestemte meg for å svara opp sidan han var redd sprut sist. I den andre svingen trøbla han med travet, og då måtte eg sleppa føringa. Me låg då i ledarrygg, men han trøbla meir og meir. Ein runde frå mål kom konkurrentane opp rundt oss, og han galopperte til slutt. Då var det over og me vart diskvalifisert.

Han var ein vanskeleg herre, men me kom ein runde denne gongen i forhold til ein halv sving sist. Likevel sleit eg mykje, og følte ikkje at eg fekk til å ri han. Sannsynligvis hadde han vondt i bakparten, for det verka som om han var halt bak.

Kommentarer

Populære innlegg