C.C. Lina på Sørlandet

Eg har fått sjansen igjen med C.C. Lina. Denne gongen er det eit autostartløp på Sørlandets Travpark. Det er 2140 meter. Ho hadde nok hatt fordel av sprint. Sist eg rei ho på Forus fungerte ho veldig fint. Då tok ho avgarde frå start og haldt imponerande godt til mål, berre slått av Glide. Denne gongen synest eg ikkje at det er konkurrentar som er på høgde med Glide, så kanskje ho kan vera med å kjempa om ein fin premie her.

Dennis Dun Dee har ein siger å visa til i monté. No er Kristine Kvasnes tilbake på ryggen, og ho har ein ekstrem form, så han skal reknast i toppen. Luigi er ein ekstremt spennande debutant. Han leverte eit flott montéløp på lokalkjøring i haust, og imponerte meg då. Kanskje kan han vinna direkte. Dreamcatcher har giftige avslutningar i montéløpa. Dragostea Din Tei debuterer og i monté, men har eit prøveløp på 19,0 bak seg. Se Ne Va er ein god montéhest og står perfekt inne i løpet, og kan fort vinna her. K.L.M. Kilroy som eg har ridd ein gong tidlegare er ein jamn og flink montéhest, men denne gongen har han fått eit dårleg spor. Han kjemper nok likevel om ein god premie her, og med eit fint løp kan han havna på trippelen.

Eg gler meg veldig til å ri Lina igjen. Ho var eit hyggjeleg bekjentskap sist. Då trava ho flott og var veldig pigg. Denne gongen får me prøva å ri litt rolegare første runden, og om me klarar det så trur eg ho har kapasitet til å vera med langt framme her.

Løp: 4 Montéløp (ca. kl. 18:40)
Montéløp
Varmblods. 4-12-årige høyest 400.000 kr., åpent for alle montelisenser.
2140 m. Monté. Autostart. Maks 10 startende.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Varmblods Auto V5-3
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2140 1 Luigi Malin Berås 356.000 1.16,4v 1.13,2a
2140 2 C.C. Lina Charlotte Steine 215.750 1.17,4v 1.14,8a
2140 3 Moreno Lise Hjetland 346.384 1.15,8v 1.14,0a
2140 4 Dreamcatcher Katarina Østerholt 103.001 1.18,7v 1.17,1a
2140 5 Dennis Dun Dee Kristine Kvasnes 366.000 1.15,8v 1.13,9a
2140 6 Dragostea Din Tei Line Gundersen 286.492 1.15,3v 1.14,0a
2140 7 Kash Streamline Renate Klausen 290.250 1.17,7v 1.15,9a
2140 8 Ste Kari Trine-Alice T. Espedal 295.400 1.15,9v 1.13,9a
2140 9 Se Ne Va Sophia Jacobsen 399.884 1.16,1v 1.16,5a
2140 10 K.L.M. Kilroy Kari Anne Knutsen 298.500 1.16,9v 1.14,6a

Kommentarer

  1. Veldig spennende løp. Dennis hadde maks uflaks sist, vi ble kraftig hindret i siste svingen. Han ble tråkket på og alt ble feil stakkar.
    Dragostea kan jo bli spennende i monté, men hun er totalt avhengi av og gå i tet.

    Lykke til. :)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg