4. med C.C. Lina

På Sørlandet 6. februar rei eg C.C. Lina i eit autostartløp. I varminga var ho veldig forsiktig, banen var knallhard. Ho var slakk og utan trøkk, men eg prøvde å gira ho opp litt. Då bilen slapp lot eg ho gå. Eg rei med klokke på armen og ho opna på 1.12 ned startsida, men utanfrå kom Dragostea Din Tei fort, og me kunne ikkje svara ho opp. Då vart det ledarrygg. Farten vart dempa til 1.17 første 500 meterane. Så var farten jamn.

Lina la litt av i den andre svingen, så eg måtte jaga på ho for å få ho til å behalda ledarryggen. Ho gjekk fint då ho kom nært ledaren igjen, og følgde godt. Inn på oppløpet byrja ho å trøbla litt meir med travet, så eg støtta ho inn i mål for å ikkje risikera galopp. Då vart me passert av to konkurrentar, men eg ville heller ha premie enn galopp. Ho gjekk det nest raskaste ho har gått i monté denne gongen til 4. plass på 1.18,4. Eg synest ho skal få godkjent, for ho gjekk fint sjølv om ho ikkje likte banen.

Kommentarer

Populære innlegg