Rei Spika i Rappfots Æresløp

På laurdag er det Rappfots Æresløp i Bergen. Det er for meg eit av dei største montéløpa gjennom året. Berre å få delta er stort. Eg skal ri Rei Spika, som eg og rei i dette løpet i fjor. Ho har vore kjempeflink i montéløpa i år. Fordelen hennar her er at det er sprint, men det er ein stor bakdel med 40 meter tillegg. Det viktigaste er at ho går feilfritt, og fungerer fint.

Umulius står på strek, sjølv om han får ny rytter, så trur eg han ver vanskeleg å innhenta. Det er fleire gode hestar med i løpet, mellom anna Stjernesoten, Havtroll og Augne Troll. Dersom tilleggshestane klarar å henta inn tillegget, trur eg det vert kamp heilt inn og det kan verta veldig jamnt. Uansett er det ei stor ære berre å få vera med, og eg ser verkeleg fram til å ri dette løpet. Siv Stokke gjer ein flott innsats med løpet som har mange flotte premiar og defileringsdekken til alle deltakarane. I tillegg er det kjempeflott at me har eit laurbærkransløp for monte, med pokalar og premiar til både rytterar og eigarar. Dersom løpsrekorden blir slått får vinnarryttaren 5000 kroner. Det er eit supert opplegg, og det vert veldig artig.

Startliste:
Løp: 1 Rappfots Æresløp (ca. kl. 13:50)
Montéløp
Kaldblods. 5-15-årige høyest 400.000 kr., åpent for alle montelisenser.
1600 m. Monté. Tillegg 20 m ved vunnet 100.000 kr., 40 m ved 200.000 kr.
Premier: 30.000-15.000-9.000-6.000-4.000-(2.000) kr.
Kaldblods N/SV Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
1600 1 Umulius Madelen Berås 82.000 1.30,0v 1.35,1a
1600 2 Dala Jento Victoria Steine 57.500 1.32,1v 1.32,5a
1600 3 Samina Ø.K. Ronja Good Djøseland 42.500 1.34,9v
1620 4 Grans Spika Charlotte Matre 124.200 1.31,1v 1.29,4a
1620 5 Lundhaug Lars Elsie Hafskjold 102.000 1.31,4v 1.30,9a
1620 6 Stjernesoten Egle Kochanauskaite 143.500 1.30,8v 1.29,2a
1620 7 Aprilia H. Renate Aarlie 141.700 1.30,0v 1.30,8a
1640 8 Havtroll Nina Therese Lervik 333.900 1.26,6v 1.28,5a
1640 9 Rei Spika Charlotte Steine 344.834 1.27,2v 1.26,8a
1640 10 Tøffe Toft Kristine Kvasnes 318.700 1.27,9v 1.26,8a
1640 11 Rigel Tessa Lene Bjånes Indrevær 226.925 1.28,3v 1.27,4a
1640 12 Søndre Prinsen Sonja Kløften 391.550 1.26,0v 1.25,9a
1640 13 Augne Troll Monica Refsland 359.223 1.26,7v 1.27,9a
1640 14 Skaffer Best Lene Rotneim 233.000 1.29,0v 1.26,4a
1640 15 Gil Rau Jo Evy Katrin Teigen 250.700 1.29,2v 1.28,2a

Kommentarer

  1. Gleder meg til å se løpet i morgen. skal krysse fingrene for deg og Rei Spika. Men den Umulius er utrolig god. Den har mye fart i kroppen, så sprint er ikke negativt for den sin del. Jeg tror den vinner overlegent. Men skal aldri si aldri..

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg