9. plass med Rei Spika

På lørdag var det Rappfots Æresløp, og eg starta med Rei Spika. Me fekk ein god start, og henta ein del meter til å byrja med. Ho åpna bra, me måtte ut i tredjespor for å passera ein av konkurrentane i fyrste svingen, og kom framover i andresporet. Strekhestane åpna første 500 på 1.29,5 og første 1000 meterane på 1.28,1. Då var det vanskeleg å henta noko særleg. Banen var tung, og det er ein bakdel for Spika som er så stor og tung. Likevel gjekk ho fint. I siste svingen dabba det litt av, men då ho fekk hestar opp på sida tente ho til att. Ho gjekk fint ned oppløpet, men fekk ein bomstopp då Stjernesoten sa takk for seg. På grunn av det tapte me ein del, og enda på 9. plass. Eg vart tredje beste Bergensrytter, og fekk ekstra premie for det. Det er alltid like kjekt å vera med i Rappfots Æresløp. Dette året var det 10års-jubileum, og dei hadde ekstra flotte premiar. Umulius tok ein flott siger for Madelen Berås. Samina Ø.K. var hesten som imponerte meg mest i løpet, ho haldt tempoet høgt, og hadde vore langt framme utan oppløpsgaloppen.

Kommentarer

Populære innlegg