3. plass med Park Angel

Forrige torsdag rei eg Park Angel i eit montéløp i Bergen. Me hadde 40 meter tillegg. I varminga var ho ekstremt hissig, så etter ein runde måtte eg berre sleppa ho og la ho gå, for så å ri ut av banen att. Me plukka av att sjekken, og ho fungerte mykje betre. Sist måtte ho ha sjekk på sidan det var autostart.
Det vart to omstartar i løpet. Då vart ho litt hissig, men ho løyste fint i det gyldige startforsøket. Denne gongen trekte ho veldig utover i banen, og eg hadde store problem med å halda ho på innersporet. Me kom fint til på innersporet. Låg i tredje-fjerde innvendig heile vegen. På den siste langsida passerte me Sniper B. som var trøytt. Bak frå kom Harry Trotter S.E. og Lantern, som passerte oss. I den siste svingen trekte eg skylappane. Det svarte ho veldig godt på, og kom opp i ledarrygg. Dessverre kom me oss ikkje ut der, men me hadde uansett ingen sjanse mot dei to beste. Sandy Boy tok ein velfortjent siger saman med Lene Rotneim. På andreplass kom Lantern og Brit Lea, som gjorde nok eit meget bra løp. Park Angel kjempa flott dette løpet og gjorde fin figur til 3.plass på 1.18,8. Krinsen rundt hesten var nøgde, så då er det bra. Det var artig å få ri ho når ho fungerer slik som no. Denne gongen var ho slik som ho var i prøveløpet.

Kommentarer

Populære innlegg